TERJE ULVEDALterje.ulvedal@bt.no

Interesseorganisasjonen for oppdrettarane meiner framlegget frå Statens Forurensingstilsyn (SFT) om å flytte Fedje-depotet til Bergen og Solund-depotet til Florø, ikkje er noko god løysing.— Avstanden vil bli større, fokus på lokalkunnskap redusert og handlingstida vesentleg svekka, meiner regionsjef Even Søfteland.

Vestnorsk Havbrukslag viser til at området i Nordhordland/Ytre Sogn er eit av dei mest belasta område for skipstrafikk med mellom anna råolje. Erfaringa frå skipsforlis dei siste månadene viser at verneutstyret er for dårleg, og at det tek for lang tid frå ulukka skjer til rett utstyr og mannskap er på plass.- Oljevernberedskapen må styrkast langs heile norskekysten. Men i staden for å svekke enkelte område, må styremaktene aktivt gå inn og styrke dei depota som finst, og om nødvendig opprette fleire, meiner Søfteland.