— Alt er kjemikalier. Var det ikkje for kjemikarane, hadde me valsa rundt i skinnfeller framleis, hevdar professor og viserektor Leiv Sydnes, og slår ut med armane i aulaen på Langhaugen videregående skole i Bergen.

Avgangsklassen har fått besøk som følge av rekrutteringsoffensiven frå Universitetet og Høgskolen i Bergen, samt Norges Handelshøyskole.

Kjemiprofessoren har verva seg som frivilleg agent.

Oppdraget hans går ut på å kapre nye studentar til matematikk, fysikk og kjemi.

Barkebilleboogie

Sjølv skulle Sydnes eigentleg studere nordisk litteratur og historie, men endte som kjemikar, fortel han forsamlinga:

— I dag er det eit netto underskot av kjemikarar, og våre studentar får stort sett jobb før dei er ferdig utdanna. Ofte må vi ta dei i nakken for å få dei til å fullføre studiet først!

På åttande rad studerer ei jente neglene sine, like oppslukt som ein forskar nær det store gjennombrotet. Lengre bak sender ein medelev lydlause SMS-meldingar. Men framme ved overheaden snakkar Sydnes seg varm om eksperimentering og praktisk arbeid, om det gode miljøet på Universitetet og spennande forskingsprosjekt.

Som barkebilleprosjektet, der han sjølv deltok på 70-talet. Ikkje berre tok dei livet av 40 millionar uønskte barkebiller, men inspirerte også Øystein Sunde til å skrive «Barkebilleboogie».

- Beinhardt

Sydnes er ein av mange som i desse dagar forlet Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet for å overtale potensielle studentar til å velje realfag.

— Krisa er reell, og vi har ikkje mykje tid. Vi må klare å snu tendensen i løpet av fire–fem år, og jobbe beinhardt for å få det til, seier kjemiprofessoren til BT.

Men Sydnes treng ikkje bruke kreftene på Erik Notvig (18). Han har alt bestemt seg for å studere matematikk til hausten.

— Fordi det er gøy med matte og gøy med fysikk, seier han.

Der er han på linje med professoren, som vanskeleg kan tenkje seg noko kjekkare enn kjemi.

— Du blir så oppslukt at det kan gå over stokk og stein, vedgår han overfor BT.

REKLAMERER FOR REALFAG: – Alt rundt oss er kjemikalier. Utan ville verda sett svært annleis ut, forklarar professor Leiv Sydnes til elevar på Langhaugen videregående skole. Hans mandat er å kapre nye studentar til realfag.
FOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN