Men sjeldan har eg lese so nedsetjande og hatske innlegg som professor Odd Nordhaug har hatt i BT i det siste — om norsk sauehald m.m.

Sauene våre beiter i høgfjellet nokre sommarmånader - slik dei aller fleste saueflokkar har gjort i mannsaldrar før oss. Me prøver å ha tilsyn med dei; so ofte som råd. Eg kan forsikra professoren om at me tykkjer det er ilt når dyr kjem bort.Finn me ikkje sauer att om hausten brukar me mykje tid på å leita etter dei. Om me ikkje finn dei i live vil me gjerne finna ut korleis dei kom bort. Me er glad i dyra våre og har levd i den tru at me viser omsut for dei og steller godt med dei. Professorar og andre forståsegpåarar synest leva i den tru at berre me held tilsyn inc held tilsyn - helst gjæter - dyra våre, so vil alt verta vel og bra. Det fortel oss om mangel på sunt bondevet. (Som nok ikkje er sunt i professoren sine auger). Nordhaug må gjerne koma og gjæta sauer 24 timar i døgeret i fire sommarmånader.

Eg tykkjer det er gale at slike sterke angrep på ei typisk distriktsyrkesgruppe skal koma på trykk. By og land bør gå hand i hand - (det trengst i vårt vesle land!

Kjære vene professor: Eg er pensjonert bonde og skulle svært gjerne levd i den tru at eg har gjort litevetta godt for landet vårt! Og sloppe opplevd alderdomen som «sterkt subsidiert, barbarisk sauehaldar».

Son vår og hans familie på fem held fram i dette «barbariske» yrket. Ver så snill, professor Odd Nordhaug - slutt med å mobba han og andre unge bønder bort frå yrket og bygdone!

TORBJØRN ØYDVIN, ULVIK