Etter dei siste opplysningane me har fått vert det langt fleire som får problem med registreringa i momsregisteret enn det me rekna med tidlegare i haust. Det siste me har kjennskap til er at talet kjem til å passera 1000 bruk berre i Hordaland (totalt bruk i Hordaland ca. 4500).

Det burde vera velkjent for alle at koplinga mellom momsregisteret og retten til produksjonstillegg er det staten ved Landbruksdept. og Norges Bondelag som er ansvarlege for.

Norsk Bonde og Småbrukarlag har heilt frå første gong dette vart lansert arbeidd for å forhindra det, bl.a. med argumentasjon om dei konsekvensane som me no ser. Dessverre har me vore ganske åleine om dette. Me kan vel konstatera at konsekvensane er ynskte av staten og Bondelaget. At Bondelaget no syner ein «rørande» omtanke for dei som misser tilskotet, provoserer meg ganske sterkt, eg vil gå så langt som å kalla det «segling under falskt flagg».

No er det slik at om ein ikkje skulle greia å oppfylla krava innan 15. november og dermed missa tilskot i denne omgang, så er ein ikkje evig fortapt. Det er fullt mogeleg å koma inn att i systemet seinare.

Eg kjenner til at det er rekneskapsførarar som er veldig hjelpsame med å finna løysingar for dei som har vanskar. Men det er òg dei som har det synet at desse med «20-30» sauer har ikkje bruk for tilskot, og då er nok hjelpsomheita deretter.

Dersom det er nokon som har bruk for råd og tips kan dei gjerne ta kontakt med Hordaland Bonde og Småbrukarlag

v/fylkesleiar Gunnar Trædal. Me skal så langt me greier hjelpa til slik at me kan ha flest mogeleg bruk i drift.

GUNNAR TRÆDAL, FYLKESLEIAR HORDALAND BONDE— OG SMÅBRUKARLAG