1. I radiointervju seier dagleg leiar Rønnaug Tveit at senteret skal motvirka at ferdige kandidatar blir gåande ei tid i såkalla ventejobbar. Er slike jobbar skadelege?
  1. I same intervju seier Tveit at senteret skal motvirka at ferdige kandidatar fer til Austlandet. Er dette ei viktig oppgåve for eit nasjonalt universitet?
  1. Arbeidssøkande ungdom tar stundom kontakt med Aetat. Greier ikkje universitetskandidatar det?
  1. Mange dataprogram tilbyr hjelp med utforming av CV. Har universitetsutdanna særskilte vanskar med slike tilbod?
  1. «Faktum er at universitetsutdannede er de mest markedstilpassede som finnes,» seier Rønnaug Tveit (BT 23.2). I så fall, kan ikkje desse ta direkte kontakt med næringslivet?
  1. UiB klagar støtt og stadig over pengemangel. Korleis kan institusjonen då rå seg med (enno) eit senter langt bortanfor naturlege og (no sterkt) forsømte oppgåver?
  1. Universitetet framstiller seg gjerne som ein oase for personleg vokster og kompetansebygging. Kvifor må same institusjon tilby kandidatane særskilt hjelp for å koma ut døra?
  1. Studentar set stor pris på å bli tatt ekstra godt vare på — og bli tilbydd «en gyllen mulighet» (Morten Skauge BT 28.2.). Men dei vil ikkje betala nokon pris - og ser heller ikkje at tiltaket har ein pris. Kven skal betala denne? Om senteret skaper verdiar (eg meiner nei), kor store er desse? Kva er kostnaden?

Hermann Friele jr. lagar god kaffi og gir kloke råd (BT 1.3.), men han mistyder meg. Kven vil ikkje at kandidatane brukar kunnskapen sin? Nettopp difor er eg mot karrieresenteret: Evnerike ungdommar som vender blikket mot bøkene - og tar direkte kontakt med samfunn og arbeidsliv - kan ikkje dei greia seg godt utan karrieresenter?

Alt dette spør eg om. Andre spørsmål har eg stilt tidlegare. Svar får eg ikkje, men attest for å vera nedstøva (Morten Skauge BT 28.2.). Kanskje eg burde stikka innom senteret for å få bli børsta av og motta enkle tips, eg og hovudfagsstudent Are Mjanger (BT 23.2.) - alt på skattebetalarane si rekning. Men Rønnaug Tveit, som styrer den gratisbutikken, finn meg tankelaus. Det gjer meg tankefull, men endå ikkje fjåg.

Sjur Didrik Flåm