Her har private entrepenørar og enkelte politikarar vore ute og lagt skulda for dette på produksjonsavdelinga i Statens vegvesen, med meir eller mindre usanne og useriøse påstandar.

Det vert hevda at gjennom privatisering og konkurranseutsetting, kan ein spare fleire millionar på jobbane, og det vert vist til prosentsatsar det overhodet ikkje finst dokumentasjon for.

Dette føler me som er ute og gjer jobben for urettvis «skittkasting» mot oss. Sanninga om fordeling av anleggsoppgåver til private entrepenørar og til Vegvesenets produksjonsavdeling for år 2000 er at over 70 prosent av utbyggingsoppgåvene var ute på direkte entreprise eller som underentreprise hos Produksjon.

Er det då av denne andelen som er igjen dei totalt skal spare opptil 20 prosent ut av dei totale midlane? Dette rimar ikkje, men det er sjølvsagt tal som er lett å slengja ut. I dag vert den såkalla eigenregidrifta drive med ein stor andel av lokale maskinentrepenørar og andre innleigde ressursar. Dette er eit godt bidrag til å opprethalda levande lokalsamfunn, for som ein veit så er vegar noko ein finn over heile vårt langstrakte land. I tillegg er det få bedrifter som har så mange distriktsarbeidsplassar som Statens vegvesen! Denne delen som då vert igjen av reell eigenproduksjon må ein ha for å kunne opparbeida høg kompetanse som byggherre, og for å vera eit korrektiv i marknaden.

Det største problemet i entrepenørmarknaden i dag er at det finst berre trer store aktørar: Veidekke, NCC og Selmer Skanska, dei to sistnemnde er svenskeigde.

Dersom produksjonsavdelinga til Statens vegvesen blir skilt ut og omgjort til A/S, må avdelinga drivast etter same prinsipp som dei private selskapa, og tena pengar. Konkurransen i marknaden vert dermed ytterlegare svekka, etter som ein brysom konkurrent som utgjer eit korrektiv i marknaden, vert borte.

Prisane vil dermed automatisk stiga, og skattebetalarane generelt og bileigarane spesielt må betala rekninga.

NCC uttaler at vegvesenet må privatiserast slik som det vart gjort med Statkraft i si tid, men nevner sjølvsagt ikkje at Statkraft Anlegg vart etter kort tid oppkjøpt av nettopp NCC. Dette viser monopoliseringa som skjer innanfor bransjen. Statens vegvesen er inne i ein stor omstillingsprosess for tida, der eit av måla er å gjera Produksjon til ein endå meir effektiv og konkurransedyktig divisjon, innanfor Statens vegvesen. Slik kan ein oppretthalda målet om å gjera mest mogeleg for dei midlane ein får til rådigheit, og ikkje driva etter forretningsprinsippet der målet er å gjera minst mogeleg for dei pengane ein tener ! Det er på denne måten ein kan ivareta måla om å vere eit korrektiv i marknaden, sikra kompetansen og ivareta eit beredskapshensyn over heile vårt vidstrakte land.

Så la Produksjon i fellesskap med lokale private entreprenørar fortsatt ivareta og sikre vedlikehald og utbygging av våre vegar i heile Noregs land, dette er eit samfunnsansvar og distriktspolitikk i høgste grad, og eg er sikker på at dette vil føre til billigare og sikrare vegtenester for samfunnet totalt.

Av Per Arne Berge, HTV – Norsk Arbeidsmandsforbund