Det ville vera høgst uklokt å ta livet av han og dei andre leiarane i Taliban. Det som er gjort, er gjort, og kan ikkje gjerast om att. Alt har si årsak, og vi må alle ta lærdom av det som har hendt. Ingen ting er så gale at det ikkje er godt for noko.

Beste måten vi kan heidra offera på er å skapa eit betre samfunn og ei betre verd, til det trengst også våre fiendar. Vi må ikkje skapa meir hat mellom den kristne og muslimske verda, men gjensidig tillit og forståing gjennom sann og ekte kjærleik. Du skal ikkje drepa. Den som drep forsvarslause menneske, gjer seg sjølv skuld i brotsverk! Hat kan ikkje utryddast med hat, men med kjærleik.

Lat hans eigne, Saudi-Arabia, ta seg av han.

OLAV EIDE BYGSTAD