Reiselivsdirektør Ole Warberg overrekte prisen, ein spesiallaga plakett, til Steinar Aase under laget sitt årsmøte onsdag.

Aase er dagleg leiar i Fjord Tours AS, som sidan juni 2001 har overteke ansvaret for sal og marknadsføring av «Norway in a nutshell» og andre opplevingsturar som NSB samarbeider med andre aktørar om.

Men rundturen «Norway in a nutshell» har eksistert sidan 1960, og figurerte i Bergen Guide første gong i 1961. Turen vart til i eit samarbeid mellom VSG, NSB og Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF, no Fjord1). VSG står for Voss-Stalheim-Gudvangen Rutelag, som seinare vart fusjonert med Bergen-Hardanger-Voss Billag (BHV), og no HSD Buss.

Mot slutten av tiåret kom det første oppsvinget, då NSB Reisebyrå på Voss tilsette guidar som fylgde turistane på bussen til Gudvangen, ferja til Flåm og med toget (Flåmsbana og Bergensbanen) attende til Voss. Samstundes kom nyvinninga med fellesbillett der bussjåfør, ferjebillettør og togkonduktør hadde kvar sitt felt å klippa i. Ein slapp å kjøpa ny billett ved kvart skifte av transportmiddel.

NSB fekk registret «Norway in a nutshell» som varemerke i 1995.

I takt med trafikkauken på Flåmsbana har talet på rundturpassasjerar auka sterkt dei siste åra. NSB selde 12.806 rundreisebillettar i 1994, og Fjord Tour AS oppgir dagens nivå til tett oppunder 40.000 reisande årleg. Men i tillegg kjem gjestene til ei rekke utanlandske turoperatørar som brukar eigen buss, og berre kjøper båt— og togbillett.