Eg syner til «Lørdagsportrett» 24. mai der Bergens Tidende har intervjua statssekretær Knut Arild Hareide, Kristeleg Folkeparti.

Hans politiske utspel og det andre han uttaler seg om er som venta, men på eit område misser eg totalt all tillit til han. Han uttalar seg om alkoholfri vin, og seier: «Der meiner eg at alkoholfri raudvin burde vært forbode ved lov. Det er som 15 nattverdar på ein kveld.»

Dette syner totalt mangel på respekt for nattverden, som er midtpunktet i den kristne gudstenesta. Otto Jespersen kunne ikkje gjort det verre enn dette! Nattverden er eitsakrament, som ein overhodet ikke skal vitse med.

Men det forundrar meg ikkje. Desse unge bråkjekke KrF-arane er med i partiet for å få seg eit «bein», og å lure gamle snille damer til å stemma KrF.

Ole Børsheim