— I beste sendetid, klokka 19 om kvelden, bør ikkje TV Norge få lov til å sende denne type program. Eg meiner dette er i strid med kringkastingslova. Der heiter det at program som kan vere skadelege for born, ikkje skal sendast før klokka 21, seier Monsen til Fjordenes Tidende.

Bremanger-presten har sendt e-post til alle sine kjenningar, og oppmodar alle som er einige med han om å seie si meining til fjernsynsselskapet.