Familietragedien i Sveio; fire døde, ei bygd i sjokk, familie og vener i sorg, og eit hjelpeapparat som prøvde å sjå dei som trong hjelp og støtte.

Den første kaotiske og hektiske tida har gått, gravferda er over og eg prøver å sjå attende på korleis media var der i situasjonen og korleis det påverka oss alle.

Sett frå vår synsstad var pressedekkinga enormt stor. Ein time etter at politiet vart varsla var ei mengd pressefolk på staden. Førsteinntrykket for oss prestane då me melde oss for politiet der, var sperringane, politibilar, kameralysa og blitsane.

Det er vanskeleg for meg å evaluera det arbeidet som pressa gjorde i denne saka. Hovudinntrykket når eg snakkar med folk er at dei synest pressedekkinga har vore nøktern, det som har vore på skjerm og på trykk har stort sett vore respektfullt.

Men for meg er det viktig å peika på at pressedekninga har fleire sider: Det handlar ikkje berre om produktet: Det som kjem fram i media! Men det handlar òg om korleis pressefolk arbeider når dei samlar inn stoffet sitt, og korleis det verkar inn på dei som står oppi situasjonen. Att pressefolk «svermar» rundt og inne i kommunehus, rundt og inne i kyrkja, påverkar vår handlemåte og vårt arbeid i sterk grad. Særleg når me ikkje er førebudde på det, og ikkje definerer kontakten med pressa som ei primæroppgåve.

At dei som er råka av tragediar som denne vert påverka av pressedekkinga er sjølvsagt ei endå viktigare sak.

I Sveio valde me som arbeider i Kyrkja å møta pressa ein god del dei første dagane, men me valde ei restriktiv haldning når det galdt å koma inn i kyrkja, og særleg på gravferdsdagen var me restriktive med omsyn til fotografering og liknande. Ved eit høve ombestemte me oss under press når det galdt filming inne, det var ein vanskeleg situasjon, og det viser at me som arbeider i Kyrkja burde vera betre førebudd, og kan hende ha ein del retningslinjer på førehand. Stort sett respekterte journalistane våre grenser og råd, men me fekk òg ofte høyre at me måtte stole på at dei hadde sine etiske retningslinjer, og at dei såleis kom til å ta dei nødvendige omsyn.

Gir så våre erfaringar eit grunnlag for å sei at me kan overlata desse vurderingane til pressa sjølv og stola på deira etiske retningslinjer.

Nei, diverre! Pressefolk er ei svært samansett gruppe, og eg kan ikkje stole på dei som gruppe ut frå det eg opplevde.

Når eg opplever at ein erfaren journalist ber meg gå til familien for å få tak i private bilete til avisa hans, når eg opplever at dei ringjer heim til nær familie dagen etter hendinga og ber om å få snakka med dei, når vekebladjournalistar kjem på trappa til nær familie med kamera, har eg ingen tillit til det dei kallar sine etiske retningslinjer. Og eg kan ikkje vita kven som har klårsyn og vett nok til å avstå frå slike overtramp.

Og eit siste døme: Me hadde i våre reglar for pressedekkinga av gravferda sagt at deira dekking ikkje skulle vera slik at dei sørgjande si oppleving av sørgjehøgtida vart påverka av at pressa var der. Når då ein tv-fotograf står ein meter frå der sørgjefølgjet skal passera stiller eg store spørsmål både med oppfatningsevna og vurderingsevna til vedkomande!

Eg spør meg kva som hadde hendt om me ikkje hadde gitt nokon retningslinjer om pressedekkinga? Hadde dei ulike aviser og kanalar blitt samde om korleis dei skulle gjera dette, og kva grenser hadde dei då hatt?

Dagen etter hendinga i Sveio var det debattprogram på fleire tv-kanalar. Eg reknar med at det var synsing om vald og familietragediar. Det er ikkje alltid lett å få gode refleksjonar så tett på ei så tragisk hending. Me som prestar vart òg inviterte til slike program. Det var sjølvsagt uaktuelt, me er altfor nær den aktuelle situasjonen til å kunne reflektere offentleg på det tidspunkt. Og dessutan hadde me langt viktigare oppgåver å ta vare på! Men eg etterlyser ein refleksjon saman med media om deira arbeidsmåtar og grenser når dei går så tett på, og ønskjer å gi informasjon om tragiske hendingar.

Reidar Ådnanes, sokneprest i Sveio