Det har til ulike tider i den valbolken vi har vore inne i vore eit uttalt press på omsetningsformer for alkohol. Og no særleg under siste valkampen fann vi både gamle og nye framlegg, og alt liksom bunnar ut i at alkoholen må gjerast meir tilgjengeleg for folk flest.

Ein attgangar var reduksjon av avgiftene på alkoholomsetninga. Det var også eit heitt tema under budsjettforhandlingane hausten 2000, og vi hugsar at ein forskar åtvara om at kva som vart gjort med alkoholpolitikken, måtte ikkje avgiftene reduserast, og viste til kva følgjer det ville få. Under valkampen fann vi igjen presseoppslag som seier oss at både dødsfall og skadar vil auke i eit omfang som er skræmande. Derfor er vi svært leie for at framlegga om avgiftskutt vart gjentekne. Ein saknar også at dei partia som ønskjer slike kutt ikkje seier noko om følgjene.

Det kan vere greitt med eit oversyn over ein del framlegg på det alkoholpolitiske området: Fleire polutsal – det skulle gjere tilgangen betre for folk i utkantstrok. Vinmonopolet vil opne for levering av vin og sprit i butikkar, storkioskar og bensinstasjonar med posttenester. Det er opning for internettbestilling av alkohol og sjølvbetening på polutsala. Det har òg vore tale om polbussar rundt i landet.

Eitt av dei siste utspela var at vin og sterkøl må seljast i daglegvarebutikkar, det har vi elles høyrt tidlegare, men no ser vi at det vert teke fram igjen i valkampen.

I sum står ein såleis framfor ein formidabel auke av omsetningsformene av alkohol her i landet, om det ber til slik somme vil ha det. Det er leitt at politikarar trur at det ville bate partiet i valkampen å kome med slike framlegg...