— Vi trekte oss i tolvte time. Det vart for mykje med hotelldrift i tillegg til forkynnelsesverksemda, seier Pedersen til BT i dag. I august sa derimot den omstridde predikanten at han ville kjøpa kurs- og konfe-ransehotellet for mellom 3,5 og 4 millioner kroner, og at berre endeleg godkjenning frå banken stod igjen.

Men Pedersen forsikrar at han framleis har planar om å flytta verksemda si «Misjonen Jesus Leger» fra Vennesla til bergensområdet. I første omgang er det tale om å leiga kontorlokaler i Bergen, og oppretta eit avdelingskontor her.