Av Arne Apold, Bergen Vi prøver derfor den «post i butikk» som ligg nærmast det gamle postkontoret. Ingen pakke der, men mannen bak disken kan hjelpe og fortel oss kvar pakken er. Neste gong tar eg turen direkte til butikken som sist var mitt lokale postkontor. Men nei, no er pakken hamna på ein annan butikk. På ny må eg ty til hjelp frå han bak disken for å spore opp pakken. Når eg lett irritert ymtar frampå om at eg skulle ha snakka eit alvorsord med posten, får eg til svar at eg er ikkje den første som møter dette at pakkar hamnar på ulike stader. I rasjonaliteten sitt namn skal vi no få pakkane våre og andre posttenester på butikken. Greitt nok, men kunne ikkje posten skrive på følgjesetelen kva for ein butikk pakken er levert til? Eller er ei slik teneste å vente for mykje av det som ein gong var ein sørvisinstitusjon?