Apold bur i eit område som har god postdekning med lange opningstider. Men kunden har opplevt å få sendingar til fleire av postpunkta, utan at følgjesetelen til pakka har fortald kvar pakka ligg. Det ser me oss lei for!

Då posttenestene vart lagt til lokalbutikken, fekk alle hushald med nytt hentekontor eit brev om kvar dei no kunne henta pakkene. Det har nok vore nokre problem i overgangen, og Apold har heilt rett i at følgjesetelen burde merkast. Dette har me òg rutinar for, og desse har me no friska opp internt.

Har du spørsmål om kvar du skal henta pakker, eller ikkje er nøgd med posttenestene dine, er det fint at du seier frå til oss, utan kan me ikkje betra oss! Dei hjelper deg til rette på kundekontaktsenteret, med nummeret 81 00 07 10 (lokal takst).

HEIDI TOFTERÅ SLETTEMOEN, INFORMASJONSSJEF POSTEN VEST-NOREG