LARS MÆLAND

— Betre enn budsjettert for år 2000, og med ein ordrereserve på 1,3 milliardar kroner er me optimistiske med tanke på framtida, seier adm.dir. Olav Linga i Aker Elektro, som noterer seg for fin vekst i tal skipskontraktar og set eit kryss i margen for resultatet med levering av elektropakken til Øye smelteverk.

Kollega Lars Solberg i Aker Stord hadde budsjettert med 50 millionar kroner i pluss, men enda på beskjedne 30 millionar av ein omsetning på 1668 millionar kroner.

— Det gir ein fortenestemargin på 1,8 prosent, langt unna dei fem prosent me har som mål å nå i løpet av ein fire-fem års pe-riode. Likevel er me rimeleg tilfreds med resultatet i eit år med omfattande omstillingar ved bedrifta, eit arbeid me vil sluttføra i år og som gir oss eit solid fundament for framtida, seier adm.dir. Lars Solberg i Aker Stord.

Bedrifta han leiar har for tida vel 200 permitterte, men i au-gust reknar dei med å ha full sysselsetting for samtlige 1200 tilsette. Aker Elektro er blitt storebror med sine ca. 1600 tilsette, vel 1000 av desse i Sunnhordland. Aker Elektro omsette for 1270 millionar kroner i fjor, og oppnådde ein fortenestemargin på 3,7 prosent.

Dei to Aker-bedriftene gir omfattande ringverknader i Sunnhordland, noko som demonstrert ved at Aker Elektro kjøpte varer og tenester frå leverandørar i denne regionen for 89 millionar kroner i fjor, Aker Stord for heile 381 millionar. Samla betalte dei to bedriftene 305 millionar kroner i personskatt i år 2000.