Av Oddvar P. Haugsdal, Matredal

Sjølv har eg nyleg kome heim etter vel fem veker på sjukehus. Det har gjeve meg tid til erfaringar og refleksjonar, og desse vil eg gjerne formidla vidare til andre. Turen min starta på Diakonissehjemmet sykehus Haraldsplass, der eg låg i ti dagar før overføring til Haukeland sykehus, der eg var pasient ved to ulike avdelingar.

Alle eg kom i kontakt med desse vekene, var heilt eineståande menneske; avdelingslegar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, biokjemikarar, fysioterapeutar, reinhaldarar, portørar, medisin— og sjukepleiarstudentar.

Eg er svært imponert over den store arbeidskapasiteten, effektiviteten og den profesjonelle dugleiken på alle nivå. Og sist, men ikkje minst, det alltid strålande gode humøret! Det var heilt utruleg å sjå korleis folk kom på arbeid til døgnets ulike tider, alltid med glimt i auga og ein varmande replikk! Når maten i tillegg var god, hadde eg det bra, sjølv om eg var sjuk og låg til sengs. Med ein slik start på sjukehus-opphaldet, er motivasjonen på topp før vidare behandling tek til.

Så til norske politikarar og byråkratar med ansvar for helsevesenet: De skulle alle, utan unntak, hatt eitt års «verneplikt» på eit sjukehus, før de fekk noko ansvar, iallfall for økonomien i helsevesenet! Eitt år med bekken- og urinflaskeeksersis, pluss mange tunge løft, ville heilt sikkert endra forståinga for det særs viktige arbeidet helsepersonellet utfører dagleg.

Til statsminister Stoltenberg, Den norske regjeringa og det norske storting:

Fjern blodpengane som er sett inn i minefabrikkar i Malaysia, og som stammar frå oljefondet. Invester i staden i norsk helsevesen. Det er dessverre altfor mange korridorpasientar for tida. Vi treng vidare eit godt utbygd ambulansetilbod over heile landet, og sist men ikkje minst, må det synest politisk vilje til å ta vare på dei ypparlege fagfolka som arbeider i helsevesenet. Opprett fleire stillingar, slik at belastninga blir mindre på den enkelte. Dermed held fleire lenger ut i yrket, og det er vi alle tente med. Vis ved årets lønsoppgjer at landet vårt verkeleg set pris på alle dei som gjer ein stor og nyttig arbeidsinnsats i helsevesenet!