Ja, dei skal no i nær framtid koma til Bergen og andre større byar her i Noreg. Eg tenkjer på dei, både kvinnelege og mannlege nazitorturistane som, under den andre verdskrigen ved dei ymse konsentrasjonslægre, nytta slike og liknande «våpen».

Eg ser for meg gode nordmenn som mista liv og helse der dei bl.a. med handjarn på, vart piska til blods.

Eg undrast. Er det verkeleg slik at desse slags bestialske «verktøy» skal koma «på mote» igjen?

Ein har i emning å opna ein slik butikk ogso i Kristiansand S. Vil folk der nede vera glade for å få ei slik «pornosjappe» der?

Er det ikkje nok at to små uskuldige born vart utsette for slik ei hjartelaus handling og lagnad etter at to skakkøyrde gutar hadde gassa seg med pornovideoar?

Ja, eg berre spør, eg.