BT har rulla opp store saker der porno og barneporno glir over i ein annan. I reportasjar frå Afrika får vi innsyn i kor kvinner og born blir grovt utnytta av rike onklar i nord. Det er produsert og distribuert film om det, eit materiale som i dag er ute på marknaden i Bergen. I same slengen vert afrikanske kvinner selt til stykkpris av filmprodusenten.

Dette er pornografien sitt sanne andlet. Den representerer eit menneskesyn og eit kvinnesyn som er ròtent og uverdig. Den er òg eit trugsmål mot familie, ekteskap og samliv med sin grenselause og rammelause versjon av seksualitet. Det er også ein naturleg samanheng mellom porno, sexhandel og sexturisme slik det kjem fram i BT.

Når kultursidene i BT tek opp porno, vert den forvandla til kunst. Dei hyllar ei gamal pornodronning frå Amerika som skal syna fram seg sjølv og sine produkt i frigjorde Bergen — berre eit steinkast frå der du kunne kjøpa filmane frå Afrika. Her har BT i sommar og haust vore med på å løfta porno opp av rennesteinen og gjeve den eit «kunstnerisk» andlet.

Når BT ikkje trykkjer porno i avisa, vert det eit redaksjonelt val. Når KrF i Hordaland ber BIT gjera same valet, vert det sensur. Kan BT forstå at dette forvirrar? Dette med sensur er ikkje del av saka - vi i KrF vil ikkje bruka offentlege midlar på gamal amerikansk porno. Så enkelt er det.

Det blir òg laga oppstyr at vi ikkje vil sjå på ei framsyning som er meld til politiet av SV. For oss er det nok det som pressa skriv og dama sjølv seier (og gjer). Eller er det slik at erfaring er eit krav i alle høve? Må ein BT-journalist stela for å skriva om ei kriminalsak?

KrF skal visst representera trongsyn og mørke i denne saka. Kan det henda at det er nett det motsette vi vil? Vi ønskjer ein oppvekst for born og eit offentleg rom som gjev kvalitet til liv og samliv. Alle som les statistikk kan sjå at dei område i landet der livskvaliteten er best, i merkeleg grad fell saman med der kyrkje og kristenliv er sterkast. To store medisinske kongressar (kreft og sjølvmord) har dei siste månadane lovprist religion og tru for den helbredande og førebyggande kraft ein finn der.

Dei som leitar etter livskvalitet, må leita andre stader enn i pornoen. Dei som leitar etter sanninga i denne saka, må lesa første delen av BT. Dei som vil opna for mørkekreftene i kulturen, må lesa andre delen av BT. Eller er det ikkje slik? Og kva med filmane frå Afrika dersom produsenten vert frikjent: er dei då løfta inn i kulturen, forvandla frå brotsverk til kunst?

Av Torill Selsvold Nyborg, leiar i Hordaland KrF