Av Haakon L. Aarø

Det blir snakka i store ordelag om at små parti, som ikkje har fått tillit hos veljarane, grev til seg sentrale posisjonar og om manglande respekt for demokratiet og det parlamentariske systemet.

Politikk er i utgangspunktet enkelt: Det gjeld å få fleirtal for sine saker. Alle parti sine strategiske val vert fatta med dette målet for augo.

Så lenge eit parti ikkje har reint fleirtal, er ein nøydd å inngå samarbeid med eit eller fleire andre parti for å oppnå målet. I denne situasjonen står partia overfor eit dilemma, der dei på eine sida bør skapa ein bindande fleirtalskoalisjon, medan dei på den andre sida har gitt eigne veljarar ein lovnad om kva dei skal stå for.

Det er vanleg å dela politikken opp i ei høgreside, ei venstreside og i ei sentrumsblokk. Som regel ligg grensa for å skapa ein fleirtalskoalisjon ein eller annan stad i sentrum. Målet til H og Ap blir difor å samarbeida med eit eller fleire sentrumsparti. Den politiske ideologien til sentrum kan svelgjast både av moderate høgre— og venstrekrefter. H og Ap må difor konkurrera om å gje sentrumspartia det beste tilbodet. Sentrumspartia er klar over situasjonen og av respekt for eigne veljarar utnyttar dei han for det han er verd. Dette er grunnen til at sjølv små parti i sentrum får mykje å seia i politikken.

I både Oslo og Bergen klagar Frp over at sjølv om dei har fått brei tillit hos veljarane, får dei ikkje vera med i byråd. Men grunnen til dette er klar: Frp vil til dømes alltid få meir av sin politikk gjennomført dersom H sit med makta, enn dersom Ap gjer det. Dei har ganske enkelt valet mellom å inngå ein god del kompromiss for at sentrum-høgrealliansen skal sitja med makta og å føra eit fullstendig anonymt tilvære med Ap ved roret. H, derimot, er ikkje avhengige av Frp for å skapa fleirtalskoalisjonar. Dersom dei driv ein moderat politikk, kan dei også styra med stønad frå Ap. På dette grunnlaget forstår eg sutringa frå Frp. Dette er ein naudsynt del av retorikken for å oppnå best mogelege forhandlingsresultat.

Men det er folket si oppgåve å gjennomskua dette politiske spelet!

POLITISK SPEL: Sutringa frå Frp er ein naudsynt del av retorikken for å oppnå best mogeleg forhandlingsresultat etter valet.<br/> ARKIVFOTO: SCANPIX