TERJE ULVEDALterje.ulvedal@bergens-tidende.no

Dersom regjeringa får gjennomslag for sitt framlegg til omlegging av politi og rettsvesen vert det berre eitt politikammer att i Sogn og Fjordane. Det skal liggje i Sogndal. I dag er Sogn og Fjordane delt i to politidistrikt, Fjordane med politimeister i Florø og Sogn med hovudsete i Sogndal.

Også innanfor rettsvesenet vert det store endringar. Regjeringa vil avvikle to av dei fire sorenskrivarkontora i fylket, Høyanger og Eid. Sorenskrivarkontoret i Ytre Sogn og indre deler av Nordfjord vert lagt under Førde. Ytre Nordfjord går derimot til Volda på Sunnmøre. Sorenskrivarkontoret for Indre Sogn vert oppretthalde i Sogndal.

Det er venta stor strid om regjeringa sine framlegg for Sogn og Fjordane. Innstillinga frå regjeringa lak ut alt i slutten av november, og har skapt eit voldsomt rabalder. Ikkje minst har kritikken vore sterk mot plasseringa av politikammeret i Sogndal, fordi både folketal og kriminalitet er klart størst i Sunnfjord, og spesielt kring byane Florø og Førde.

Innstillingane er ein del av ei landsomfattande endring for organiseringa av politi og rettsvesen. Regjeringas opplegg vert presentert på ei pressekonferanse i Oslo i dag.