TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bergens-tidende.no

Vin– og Brennevinsimportørenes Forening (VBF) slår på stortomma etter den tragiske hendinga i Måløy der ein mann natt til onsdag døydde etter at han sannsynlegvis har kom-semert giftig smuglarsprit. Ein kvinne som drakk av same spriten ligg framleis på sjukehus.

I ei pressemelding skriv VBF at norske politikarar har valt å vere passive tilskodarar til ei stadig vek-sande smugling.

– Verdas høgaste avgift på bren-nevin har gjort Norge til eit eldora-do for spritsmuglarar. Knapt noko anna folk får ein større del av sprit-forbuket dekka av smugling og heimebrent. Dette er ei tragisk ut-vikling som politikarane lenge har vore klar over, men valt å vere pas-sive tilskodarar til, seier leiar i VBF, Ivar Amundsen.

I ei pressemelding viser VBF til at Vinmonopolet meiner berre 40 pro-sent av brennevinet som blir drukke i landet blir selt i deira butikkar. VBF reknar med at 45 prosent av spriten som blir konsumert i Norge på eitt år, er smuglarvare. Dette til-svarar eit ulovleg sal på to milliar-dar kroner, ein formidabel penge-sum som går rett i lommene til organiserte kriminelle.

– Den enorme fortenesta i sprit-smugling gjer det mogleg for kri-minelle ligaer å finansiere andre aktiviteter, eksempelvis smugling av narkotika. Vi snakka om eit om-fattande samfunnsproblem som det haster å ta tak i, sier Amundsen.