Fagforbundet går dermed mot regjeringa som vil ha Sogndal.Landsstyret i fellesforbundet skal handsame saka denne veka, og alt tyder på at dei vil følgje opp tilrådinga frå leiinga i forbundet. — Dette har vore ei vanskeleg sak for oss som organisasjon. Men basert på prinsippa vi i forbundet la til grunn før vi tok til på handsaminga av denne saka, enda vi på Sogndal, seier forbundsleiar Arne Johannessen til Firda. I det daglege er Johannessen lensmann i Sogndal, der regjeringa vil plassere politimeisteren. Rådet frå fagorganisasjonen til politifolka, vil truleg telje tungt når Stortinget skal avgjere kor mange politidistrikt Sogn og Fjordane skal ha i framtida.