Helse— og sosialsjef Arve Varden i Høyanger stadfestar at kommunen har fått rapport om tilfella, men vil ikkje kommentere saka ut over dette.

Pårørande seier til Ytre Sogn at bebuarane på Helsesenteret i røynda er sjukeheimspasientar, og meiner nedskjeringane i open omsorg går på helsa laus for eldre menneske i kommunen.

Dei kjenner seg utrygge for sine eldre, og meiner dei korkje får forsvarleg tilsyn eller tilbod om aktivisering. Den kommunale nedskjeringa går no på liv og helse laus, meiner dei. Samstundes har politikarane i kommunen vedteke at Lavik sjukeheim kan leggast ned innan 1. juni neste år.