EINAR EINAR FØRDE

Praha er min by. Frå tidleg ungdom har eg valfarta dit. Eg var der i dei vidunderlege dagane i 1968 då kommunismen freista å syne eit menneskeleg ansikt. Eg var der i dei mange deprimerande åra deretter då det tsjekkoslovakiske regimet var det mest ortodokse og stupide av alle i Aust-Europa.

MED SÆRLEG INTERESSE har eg følgt fløyelsrevolusjonen og utviklinga i Havels lange presidentperiode. Dei seinaste åra har eg ikkje vore der så ofte. Det er for mange turistar der no. Særleg er det for mange norske turistar som drikk øl. Men eg følgjer med. Ein tidlegare kollega er kabinettsjef hos Havel. Ein av mine næraste vener er norsk ambassadør i landet. Praha har vore i fokus den siste tida på grunn av altfor mykje vatn. Ei heil verd har følgt med i dramaet i Gamlebyen. Rapportane har fortalt at det står om livet for hjartet i europeisk kultur. Går du gjennom Gamlebyen, over Karlsbrua og opp i dei små gatene i Mala Strana opp til det dominerande slottet på høgda over byen, garanterer eg at du får ein injeksjon av kulturopplevingar du aldri vil gløyme. Dette er Kafkas by. Ta ein øl i ei av kneipene på vegen. Ofte sydar dei av politiske diskusjonar.

Som ingen andre stader eg veit om, er det her respekt for intellektuelle og intellektuelle verdiar. Derfor kjendest det så rett at Václav Havel vart president i den nye republikken.

DET VAR DEI INTELLEKTUELLE og kunstnarane som bar den tyngste børa i kampen mot diktaturet. Det har nok også skjedd andre stader. Men det var berre i Praha at ei gruppe av intellektuelle med Havel i brodden tok over heile det politiske etablissementet. Eg hugsar særleg godt ein av Dag Halvorsens rapportar frå Aust-Europa. Her overførte han til norske forhold det faktum at ei lang rad av dei mest framståande kunstnarane og intellektuelle arbeidde som kelnarar, trikkekonduktørar og jernarbeidarar. Dette var høgst ufrivillig proletarisering. Men nå tok dei over. Det er det næraste vi nokon gong har vore til Platons ideal om at filosofane burde styre republikken.

I sin første nyårstale til det tsjekkiske folket sa Havel at vårt land kan no for evig utstråle kjærleik, forståing og krafta frå intellekt og idear. Det var feite ord, men ei heil verd følgde det med interesse fordi noko uvanleg og svært tiltrekkjande var i ferd med å skje. Men så kom kvardagen. Dei intellektuelle dissidentane i statsstyringa vart gradvis færre. Havel sjølv har vakse inn i rolla som ansikt og frontfigur i eit liberalt kapitalistisk land. Han er utan at nokon har sett noko illegitimt i det, blitt nokså velståande. I år 2000 såg heile verda Havel på den andre sida av barrikadane då IMF og Verdsbanken heldt konferanse i Praha. Men så seint som ved siste valet prøvde Havel å gi støtte og kraft til ein sentrumskoalisjon som skulle representere ei motvekt til det nå tradisjonelle høgre og venstre. Det gjekk dårleg. Sosialdemokratane vann. Dei konservative er framleis den viktigaste opposisjonen. Sentrumskoalisjonen fekk 14 prosent. Og kommunistane gjorde det betre enn nokon hadde venta.

I JANUAR SKAL DET TSJEKKISKE parlamentet velje ny president. Alt tyder på at det blir ein tradisjonell politikar. Det blir rett nok lansert nye intellektuelle kandidatar. Men dei har ingen sjanse. Med eigne auge såg eg under eit besøk i fjor at dei tsjekkiske politikarane no til forveksling liknar på politikarar i andre land. Det blir ikkje mykje Platon denne gongen. Lagnaden til dei tsjekkiske dissidentane gjer det rimeleg å reise spørsmålet om kva rom det er for intellektuelle i praktisk politikk i samfunn som Norge og Den tsjekkiske republikken. Kan dei engasjere seg i politikkens kompromiss og hestehandel og likevel halde på sin intellektuelle integritet? Lærdomen frå det tsjekkiske eksperimentet tyder på at svaret er nei. Havels talar er no fulle av abstrakte resonnement og dei er påfallande frie for konkrete politiske løysingar. Kompromissa i Praha er like halvgode som i andre demokrati. Han talar ikkje lenger om å leve i sanning og krafta frå intellektuelle verdiar.

Dette er ei historie som gjer meg trist. Eg veit ein del om politikk som fag og profesjon. Det er altfor alvorleg til å bli overlate til amatørar. Men røynslene frå Praha fortel at dei også der er inne i ei utvikling der ideane og ideologiane blir meir og meir irrelevante. Det er farleg. Det leiande slagordet blant politikarar i Europa for tida er at det er resultata som tel. Det avgjerande er at løysingane skal fungere uavhengig av kva ideologisk basis dei har. Den filosofien blomstrar i det britiske Labour under Blair. Og han kopierte mykje frå dei amerikanske demokratane under Clinton. Eg har meir sans for Platon. Moderne politikarar burde bruke meir tid på å diskutere og tenkje og mindre tid på å finne ut kva folk flest meiner at dei burde gjere.

POLITIKKENS OG DEMOKRATIETS vesen er kompromiss. Eg vil sterkt tilrå ei pragmatisk haldning til dette faget. Men vår tradisjonelle reformisme er berre ein god metode dersom den er forankra i idear og ideologi. Motsetnaden mellom frie marknader og statleg regulering, mellom privatisering og offentlege løysingar, mellom økonomisk vekst og miljøvern, mellom tradisjonelle familieverdiar og sosial liberalisme stiller oss sjeldan overfor valet mellom det eine eller det andre. Men det er faktisk ikkje nok å berre sjå på om noko «fungerer». Private skular kan fungere godt og det bør vere rom for dei. Men dersom alle skular er private, byggjer vi eit heilt anna samfunn enn om vi også har ein god offentleg skule. Det er beint fram ikkje sant at det ikkje er skilnad mellom at den offentlege sektoren eller private leverer tenestene. Det er vel og bra at ein studerer kva folk flest er mest fornøgd med. Men det er minst like viktig å studere kva som skjer med oss som samfunn dersom alle tenester er privatiserte og dei kollektive goda er reduserte til eit minimum.

DETTE HEITER IDEOLOGI. Václav Havel var slik ein attraktiv representant for ideane og intellektet i statsstyringa. Det er synd at det tsjekkiske eksperimentet ikkje var meir levedyktig. Eg skal gråte ein liten skvett når han går frå borde.