OLAV GARVIKolav.garvik@bt.no

Det er Jondal-ordførar John Skogseth som har teke initiativet til dette. Men stemninga i dei andre kommunane på Folgefonnhalvøya er positiv, etter det ordførar Torleiv Mikkelsen i Odda fortel til Bergens Tidende.

I første omgang er det sett i gang eit utgreiingsarbeid med Skogseth som leiar. Han aktar å arbeida snøgt, og vonar å kunne innby til folkerøysting ved kommunevalet hausten 2003.Det er ordførarane og rådmennene i kommunane som sit i styringsgruppa som skal greia ut konsekvensane ved ein storkommune. Neste møte skal vera i Kvinnherad 9. mars.

Kommunane positive — Haldninga i kommunestyra og formannskapa har vore svært positiv til dette prosjektet, seier Skogseth oppglødd.

I kommunestyret i Odda var det berre SV som røysta imot å vera med på planlegginga, då saka vart drøfta for ei veke sidan. I Jondal var det berre ei røyst som var imot.Også i Ullensvang vil politikarane vera med på dette, men stiller som vilkår at også Ulvik, Granvin og Eidfjord deltek. Svaret frå formannskapet i Ulvik er positivt. Kommunen vil vera med på det storfelte prosjektet så sant dei to andre er av same meining.

Tunnelar avgjerande Det er nye og betre kommunikasjonar som har overtydd politikarane om at storkommunen har framtida for seg. Folgefonnstunnelen vert opna i sommar og bind då Kvinnherad saman med Odda og Ullensvang.Dessutan vil Jondalstunnelen opna ei ny tid for innbyggjarane i Jondal, når den truleg kjem om nokre få år.

Både Skogseth og Mikkelsen legg stor vekt på at det kommunale tenestetilbodet vil bli mykje betre enn det er i dag. Dessutan vil det bli eit svært variert næringsliv i ein slik storkommune.

Skort på fagfolk - Men avstandane vert store?

— Ein halv times køyring frå t.d. Jondal sentrum til Odda er vel ikkje så ille? seier Skogseth. Han legg til at det sjølvsagt er altfor tidleg å tenkja konkret på kvar kommunesenteret bør liggja.- Dei fleste eg snakkar med er opptekne av at vi får ein best mogleg grunnskule, god omsorg for eldre og sjuke, og at vi greier å skaffa dei fagfolka vi treng. Det er sanneleg ikkje lett i dag! sukkar Skogseth.

I dit perspektivet er det underordna om ein har eit eller fire kommunesenter, legg han til.

Med ryggen mot veggen Ordførar Skogseth seier ope at han tok initiativet til å drøfta samanslåing fordi Jondal på meir enn ein måte står med ryggen mot veggen.

— Viljen til å tenkja på samanslåing var meir positiv her blant folk enn eg trudde.Men framleis er det langt fram, og eg vil minna om at det førebels berre er konsekvensane ved ein storkommune som skal utgreiast. Vi legg vekt på å ha ein heilt open prosess, slik at folk skal vita kva dette dreier seg om, seier Skogseth.