Braathens sende i går eit høfleg, men bestemt brev til Hop ungdomsskole i Bergen.

Flyselskapet gjer det klart at dei ikkje vil dekkje utgiftene til busstransport og hotellovernatting i Stavanger for 55 personar natt til tysdag.

Overnattinga vart nødvendig etter at fem tiandeklassingar frå Hop ungdomsskole hadde kjøpt softgun-pistolar som dei prøvde å smugle med i bagasjen på flyet frå Aberdeen. Våpna vart oppdaga, det vart slått full terroralarm på Aberdeen Airport, og flyet vart tre timar forseinka.

Flyselskapet måtte også leggje ut for busstransport frå Sola — til saman 40.406 kroner.

- Fortvilande og forferdeleg

«Denne kostnaden forventer vi at elevene v/deres foresatte dekker, og Braathens krever i første omgang herved regress for utgifter til hotell og buss», heiter det i brevet. Det blir også gjort klart at det kan kome tilleggskrav for andre utgifter som selskapet ennå ikkje har oversikt over.

— Det er så fortvilande. Dette er barn som har gjort noko forferdeleg utenkt, og som har det forferdeleg vondt nå, seier rektor Reidun Grønstøl ved Hop ungdomsskole.

Ho sende straks kravet frå Braathens vidare til kommuneadvokaten for å få hans råd.

Kritiserer Braathens

Braathens legg opp til at skulen sjølv skal bestemme korleis rekninga skal dekkast: «Det får (…) bli en intern sak ved skolen om denne regningen skal deles på alle som var med på turen, eller kun deles på de fem som var innblandet i hendelsen», skriv juridisk administrator Gunnhild Eie i Braathens.

Dette likar kommuneadvokaten dårleg.

— Skulen eller kommunen kan ikkje gå inn og fordele skuld på nokon måte. Braathens må sjølv rette kravet mot dei personane dei meiner er ansvarlege, seier advokat Karstein Rye i Bergen kommune. Han vil i dag skrive eit brev til Braathens om dette.

Møte med foreldra

Rye understrekar også at det er nødvendig å ha handla aktlaust eller uansvarleg for å bli erstatningspliktig.

— Å delta på ein skuletur kan i seg sjølv vanskeleg kallast aktlaust, meiner Rye. Foreldra til dei fem pistolkjøparane kjem til å få ein kopi av brevet frå Braathens. - Foreldra er veldig fortvila. Dei har bedt om eit møte med skulen om saka, og det vil bli halde i neste veke, seier rektor Grønstøl, som stiller seg bak dei kritiske innvendingane kommuneadvokaten har til Braathens framgangsmåte.

Kritiserer lærarane

Braathens er ikkje nøgd med måten lærarane frå Hop ungdomsskole takla smuglingsforsøket på. Dei kritiserer også oppførselen til elevane.

«Lærerne måtte be dem være stille fire ganger under kapteinens gjennomgang. I tillegg er det opplyst at selv om lærerne forsøkte å roe ned disse elevene, unnskyldte de likevel ikke elevenes oppførsel overfor kaptein og kabinbesetning», skriv flyselskapet til rektoren ved Hop ungdomsskole.

— Eg har lese opp dette for lærarane. Dei kjenner seg ikkje att i framstillinga. Eg trur dei vart litt fortvila då dei fekk høyre dette, seier rektor Reidun Grønstøl.

Braathens meiner elevane burde visst betre enn å ta med pistolane om bord, og viser til at dei hadde vorte åtvara mot nettopp dette av skuleleiinga på førehand. Dei måtte også ha vore klar over dei strenge tryggingstiltaka på flyplassane etter terroråtaka i New York og Washington, meiner flyselskapet.