Anders Mestad i Gilde Vest si avdeling på Evanger vil ikkje gå med på at det var dumt av oss vestlendingar å la austlendingane få smaken på pinnekjøt til julemat.

Men han registrerer med vantru at sterke krefter innan organisasjonen hans gjerne vil flytta produksjonen av pinnekjøt på Nordfjordeid til Tynset.

— Det er vi på Vestlandet som har funne opp pinnekjøtet som julemat, og her har vi dei beste tradisjonane med tillaginga. Det blir heilt feil å produsera slikt på Austlandet, seier Mestad.

- Kresne vestlendingar

— Har du tru på at austlendingane får det til? Greier dei å laga skikkeleg pinnekjøt?

— Til bruk austpå greier dei nok å få til eitkvart, men ikkje julemat for kresne vestlendingar. Den eldhusrøykte versjonen gjer dei klokt i å ikkje prøva seg på, åtvarar Mestad.

Det er først og fremst vossingar, i bygda og utflytte, som svergar til røykt pinnekjøt, eller pinnasteik som det heiter lokalt. Helst skal kjøtet røykast i eldhus som står i typisk vestlandsklima, med svært vekslande utetemperatur.

— Risikerer vi at produksjonen av smalahove også flytter austover?

— Det får dei aldri til. Då må dei flytta Ivar L. Løne også. Den eineståande svi-maskina hans kan ingen konkurrera med, heller ikkje vi andre på Vestlandet, vedgår Mestad.

Svineribbe på flest bord

På landsbasis er det framleis svineribbe som finst på flest bord på julekvelden. Opplysningskontoret for kjøtt har funne ut at 52 prosent av oss et svineribbe på julaftan. 31 prosent et pinnekjøt. Seks prosent et kalkun, ein skikk tatt med frå engelsktalande land. Fire prosent et svinesteik eller svinekam, ein tradisjon frå «beste vestkant» i Oslo. To prosent held fast på lutefisken og ein einsleg prosent et kokt torsk, mest eit Sørlandsfenomen.

— Nesten ein tredel av alle nordmenn et pinnekjøt på julekvelden. Mange har smakt på godmaten minst ein gong før jul, og held fram i romjula. 18 prosent av oss vil ha pinnekjøt også på nyttårsaftan, opplyser marknadsanalytikar Live Hokstad ved Opplysningskontoret for kjøtt.

Ho trur at flyttemønsteret har endra julematvanane.

— Før var pinnekjøt nesten eit reint vestlandsfenomen. I løpet av dei siste tiåra har mange vestlendingar flytta til Austlandet, og teke med seg juletradisjonane, seier ho.

På Evanger er alle eldhus og lager sopa reint for pinnekjøt.

— Blir det for lite i år?

— Det er vanskeleg å vita. Det meste er no kome ut til butikkane. Først på julaftan kan vi gjera opp status; sjå om det ligg noko att, eller om folk har måtta gå tomhendte og slukøyra ut att.

Anders Mestad vedgår at det er vanskeleg å berekna kor mykje som skal produserast kvart år. Eitt år vart det altfor lite. Det førte til at alle produsentane laga meir året etter, og det vart overflod. På Evanger lagar dei pinnakjøt av alle høvelege lammeskrottar dei får fatt i.

— Tidleg i haust var det eit kraftig sug i marknaden etter ferskt lammekjøt. Difor fekk vi lite råstoff tidleg i sesongen. Men så kom det i to veker så mykje at kapasiteten vår nesten vart sprengt. Vi måtte på eit sagbruk og få laga fleire røykestokkar til å henga pinnesidene på, fortel Mestad.