Når Signaturtoget set opp farta, er det viktig at skinnene ligg rett. Raskare og meir avanserte tog stiller strengare krav til skinnegangen. Skinnene ligg på sviller som «flyt» i singel. Dei kan flytta på seg i dagleg bruk, spesielt i svingane, og ved svilleutskifting eller anna vedlikehaldsarbeid. I løpet av august og september har dei 19 jordskiftestudentane ved Høgskulen i Bergen gjennomført ei avansert og nyttig øvingsoppgåve i landmåling. Både GPS (Global Positioning System) basert på signalbøljer frå satellittar, og meir tradisjonell landmåling er brukt. Det er laga eit grunnlagsnett med 17 fastpunkt langs sporet.

Med utgangspunkt i grunnlagsnettet skal sjølve jernbanesporet målast inn for kvar tiande meter. Skinneskøytar og andre karakteristiske trasépunkt skal også merkast av, og Jernbaneverket har fått sitt GVUL, som står for Geodetisk Varig Utfesting av Linjen; nøyaktige innmålingar av sporet med varige referansar til landsdekkjande koordinatsystem.

Innmålinga er svært nøyaktig. Avviket er mindre enn ti millimeter sidelengs og fem millimeter i høgda for kvar kilometer banestrekning.

Seksjonsleiar Arve Leiknes ved Høgskolen i Bergen meiner det er viktig for motivasjonen at elevane får øvingsoppgåver der dei føler dei gjer noko nyttig og fornuftig.