Frå Jerusalem kjem det oppsiktsvekkjande meldingar om at israelske styresmakter har pønska ut ein plan som skal gjera Israel, med tilliggjande palestinske herlegheiter, til ein jødisk apartheid-stat. Det burde få alle som er opptekne av eit trygt Israel, og rettferd for palestinarane, til å gå inn i ein djup depresjon. Men i Noreg er utanriksministeren og leiaren i utanrikskomiteen sysselsette med ein ørkeslaus krangel om kven som er flinkast til å driva fredspolitikk i Midtausten. Og om Arbeidarpartiet i si regjeringstid har vore meir oppteke av å byggja partinettverk enn å fremja fredens sak. Det er til å gråta over.

Ny UD-kultur

Og skulle det skje at Petersen og Jagland kunne finna fram til eit modus vivendi, så har Carl I. Hagen sin eigen dagsorden, frivillig eller ufrivillig støtta av Inge Lønning. Ingen borgfred er så grunnfest at ikkje desse to karane kan skipla han. Dermed er vi i gang igjen. Det nye er, som Einar Førde var inne på i BT i går, at vi no også har fått eit utanriksdepartement (UD) som lek som ein sil. Anonymt. Det er interessant, men framfor alt uttrykk for ein ny kultur. Vi har fått innsyn i det somme ante var «eit rottereir av intriger, baksnakk og hemnlyst».

Bergens Tidende har ingen lojalitet til Jan Petersen eller til Thorbjørn Jagland eller til Terje Rød-Larsen/Mona Juul. Vi kjenner oss frie til å kritisera alle partar i denne litt underlege saka.

Ei viss arbeidsfordeling

Det inkluderer også Stortingets kontroll— og konstitusjonskomité. Vi forsvarar rett nok Stortingets rett til å krevja innsyn i det Stortinget vil ha innsyn i, men minner om at det er ei viss arbeidsfordeling mellom storting og regjering. Når det no, ifølgje UDs offisielle svar til Stortinget, viser seg at det ikkje har skjedd noko irregulært ved utnemninga av Mona Juul til ambassadør til Israel, så bør den ballen leggjast død. Vi har for vår del lenge lagt til grunn at utanriksminister Thorbjørn Jagland utnemnde Mona Juul fordi han trudde det kunne vera til gagn for fredsarbeidet i regionen. Korvidt Jagland utviste godt eller dårleg skjøn blir i dag ein diskusjon av utelukkande akademisk interesse. Det er Jan Petersen i ferd med å forstå. Men det kan ta tid før Carl I. Hagen og Inge Lønning er villige til å ta det innover seg.

Hagen ikkje nøgd

For vi har alt forstått at leiaren i kontroll- og konstitusjonskomiteen, SVs Ågot Valle, tolkar vedtaket i komiteen annleis enn Carl I. Hagen. Difor er Hagen ikkje nøgd med det offisielle svaret frå UD, der dei presiserer at gjeldande reglar vart følgde då Mona Juul vart utnemnd til ambassadør til Israel. Slik utnemning kan skje på to måtar: Ved at UDs administrative avdeling fremjar eit forslag for embetsrådet som i sin tur fremjar ei tilråding til utanriksministeren. Eller ved at utanriksministeren nyttar seg av sin styringsrett og utnemner kven han vil. Det var det Jagland gjorde.

Så kan vi altså vera så konspiratoriske inn i hovudet at vi ser dette som uttrykk for at Jagland i første rekkje ville styrkja Ap-nettverket i Midtausten og deretter ville tilgodesjå ein venn med ein ambassadørtittel. Dersom dette skulle vera rett, så er det meir enn forunderleg at kritikken ikkje kom straks utnemninga var eit faktum. Den skjedde i full offentlegheit, og Mona Juuls tilknyting til Jagland og ekteskap med Terje Rød-Larsen var vel kjend.

Mangel på autoritet

Det verste med denne saka - og den smålege krangelen - er at vi så tydeleg får illustrert mangelen på autoritet og format hos aktørane. Jan Petersen er utanriksminister, og steller med det han har mest interesse for og kunnskap om. Likevel er det få som er imponert. Han fall for freistinga å gjera norsk Midtausten-politikk om til partipolitisk krangel, fordi det såg ut som om han kunne innkassera eit billeg stikk.

Leiaren i utanrikskomiteen blir med på notane, let seg riva med i krangelen og er ute av stand til å gjera slutt på han. Større autoritet har han ikkje. Dette lovar ikkje godt for norsk utanrikspolitikk framover.