Den var eit friskt pust i utelivet i Førde, men måtte gje opp etter mindre enn eitt års drift. Buet til driftsselskapet Elvakanten Restauranthus A/S, som har drive restauranten Pikant i Førde, vart tysdag levert til skifteretten med ei gjeld på 3,4 millionar kroner.

Styreleiar Roger Bjørnset vil prøve å få til ny drift innan kort tid, fortel han til avisa Firda.

— Omsetninga svikta, og kostnadene blei for store. Tilbodet har vore godt nok, men det har gått seinare enn vi trudde å etablere seg i marknaden.

Restauranten er plassert i nye, stilfulle lokale tett ved elva Jølstra i Førde sentrum, og har fått mykje pen omtale. 17 heil- og deltidstilsette misser jobben som følgje av konkursen. Men styreleiar Bjørnset jobbar for at det skal bli vidare drift innan kort tid.