TERJE ULVEDALFørde— I dag driv vi god gammaldags omgangsskule, kunne rektor Asgeir Torvanger fortelje Bergens Tidende under eit lite opphald i undervisning i perspektivteikning for 9. klasse. Klasserommet var rektorens eigen heim.- Alle lærarane har teke med seg elevane heim. Skulle vi gitt elevane fri, måtte vi teke det att og kanskje brukt laurdagar. Det vil korkje vi eller elevane, seier Torvanger. - For useriøst Men skulen er ikkje den einaste som får vanskar når lyset forsvinn. Største industriarbeidsplassen, Bulandet Fiskeindustri, sende i går permitteringsvarsel til 18 arbeidarar.- Vi kan ikkje leve med så usikker straumforsyning. Dette er for useriøst, seier disponent Per-Arild Tysse.Han konsentrerte seg i går om å finne ut kva ansvar Ytre Fjordane Kraftlag (YFK) har, etter at det tysdag vart mørkt hos 300 abonnentar på Bulandet og i Værlandet. Sist kabelfeil førte til det same, var rett før jul. Ingen garantiar - Vi er lovde aggregat på plass seinast i dag. Men om dette er stort nok til at vi kan drive normal produksjon, kan ikkje YFK garantere, seier Tysse. Kraftlaget har oppmoda folk på øyane om å spare på straumen. Same oppmodinga gjekk ut då det vart feil på sjøkabelen rett før jul. - Aggregatet vi hadde då, var ikkje stort større enn at alt anna enn frysarar og kjøleskap måtte slåast av. Det var i alle fall tynt med elektrisk lys i husa, fortel Tysse.No vil kraftselskapet leggje ny sjøkabel frå fastlandet i Askvoll til Værlandet og Bulandet. Men den nye kabelen er i beste fall på plass om fire veker.