Operasjon på Haukeland for kinnbeinskade, sjukmelding og øydelagt ferie får likevel ikkje bussjåføren frå Kinsarvik med 40 års erfaring til å endra billetteringsrutiner. — Kan bli fornærma - Folk kan bli fornærma dersom du spør om dei er pensjonistar og det viser seg at dei ikkje er det, seier Sande (65) til Bergens Tidende.Han vil også for ettertida halda seg til regelen om at dei som har krav på honnørbillett uoppfordra skal visa fram honnørbeviset.Sande var i går i formelt avhøyr på politikammeret i Odda for å forklara seg om episoden som hende torsdag 21. juni, og som Hardanger Folkeblad omtalte mandag. Under etterforsking Politivakta i Odda opplyser til Bergens Tidende at saka er under etterforsking som valdssak med kjend gjerningsmann.Til Bergens Tidende fortel Sande at han køyrde ordinær rute frå Brimnes ferjekai til Odda. Den slagferdige pensjonisten steig over frå snøggbåt til buss på Lofthus, og løyste ordinær billett. Så vidt sjåføren kunne skjøna, var han klink edru.Etter at bussen hadde stogga i Odda, og Sande hadde gått ut for å lossa kuffertar, kom passasjeren bort til han og klaga over at han hadde betalt for dyr billett. Han meinte det var sjåføren si plikt å gjera eldre folk merksam på at ein honnørbillett er billegare.Sande sa seg samd i at mannen hadde betalt for mykje, og at han skulle få attende 25 kroner. Men før han fekk gitt han pengane, fall slaget, utruleg kraftig til ein 78-åring å vera.- Det einaste eg angrar på, er at eg gav han 25 kroner etter at slaget fall, seier Sande til Bergens Tidende.Kona Gunnlaug vart tilkalla frå Kinsarvik, og ho vart nærast sjokkert då ho såg han. Han såg fæl ut, med blod i andletet og eit kutt under høgre auget. Seinare viste det seg at kirurgane på Haukeland måtte setta inn ei plate under auget, for at beinet skal gro fint.Sjølv kan Herbjørn få endra ferien hjå HSD. Det er verre for Gunnlaug. Den planlagte ferieturen gjekk i vasken, og paret får neppe feriera saman seinare i sommar.- Vi går heime og trakkar, seier Herbjørn. Onsdag skal han til kontroll på Haukeland. Då blir det klart om såret gror fint, eller om han får varig arr.

SKAMSLÅTT: Buss-sjåfør Herbjørn Sande vart skamslått i Odda av ein 78-årig passasjer. Foto: Knut Egil Wang
knut egil wang