Selskapet stakk av med 1100 kroner for kvar fadder dei verva på gata for oppdragsgjevaren Redd Barna. Likevel er selskapet no oppe i store økonomiske problem, og har sendt melding til alle sine kreditorar at dei ikkje kan gjere opp for seg.

OK for Redd Barna

— Vi har betalt firmaet på etterskot for kvar fadder, slik at dette ikkje får noko å seie for vårt arbeid, seier assisterande generalsekretær i Redd Barna, Tove Romsaas Wang. - Vi er i ferd med å avslutte samarbeidet med firmaet.

Tidlegare denne veka bestemte Redd Barna å avslutte all verving på gata, og det er uvisst om organisasjonen nokongong vil ta opp igjen denne forma for innsamling.

Det var torsdag Bergens Tidende fortalde kor mykje det svenske selskapet tok for å verve folk for organisasjonar som Redd Barna og Amnesty International. Inntil oktober i år var prisen 711 kroner, men steig da brått til 1100 kroner. Forklaringa på den drastiske prisauken er den desperate pengemangelen firmaet, som er det største i sitt slag i Skandinavia, er oppe i.

- Tok for lite betalt

Den 31. oktober bestemte tingretten i Stockholm stans i alle utbetalingar frå Fundraisinggruppen, og ein oppnemnd advokat arbeidar no med såkalla företagsrekonstruktion. Dette kan munne ut i anten frivillig eller tvungen akkord - eller i verste fall konkurs for selskapet.

— Selskapet har hatt stor omsetnad, men for dårleg inntening. Dei har rett og slett tatt seg for dårleg betalt, seier advokat Per-Hans Berg, som er oppnemnd av Stockholms Tingsrätt i saka.

Fundraising-Gruppen hadde 53 millionar kroner i omsetnad i fjor, og staten i dei respektive nordiske landa er største kreditor med eit krav på rundt åtte millionar kroner.

For Redd Barna kan saka bety at organisasjonen må revurdere inntektssida i budsjettet for neste år. Heretter skal dei altså ikkje praie folk på gata, men satse på fadderkampanjar av ulike slag, direktemail, telefonsal og automatverksemd.