I 1998 oppretta NKS Olaviken Behandlingssenter på Askøy ein liten post for 3-4 pasientar med Huntingtons sjukdom, i samarbeid med Sandviken sykehus. Dette er den einaste spesialavdelinga for pasientar med denne sjeldne sentralnerve-sjukdommen i Norge.

Planen var å opprette eit permanent spesialtilbod til pasientar på Vestlandet. Arkitektteikningane til eit eige bygg er ferdige.

Men i slutten av august blir prosjektet avslutta, og avdelinga lagt ned. Dette vart bestemt etter eit evalueringsmøte med Sandviken sykehus og Hordaland fylkeskommune i fjor.

Vellukka, men for dyrt

— Prosjektet har vore svært vellukka, men også veldig dyrt, seier direktør ved NKS Olaviken Behandlingssenter, Geir Viksund, til BT.

— Vi er blitt nøydde til å velje, og har bestemt oss for å bruke ressursane på alderspsykiatri, som er vårt spesialfelt.

I tillegg til at avdelinga er svært ressursskrevande, har Olaviken slitt med å rekruttere psykiater til posten.

— Vi har heller ikkje fått gehør for framleis drift hos det regionale helseutvalet eller vår nye samarbeidspartnar, Helse Vest RHF, seier Viksund til BT.

Kommunen må overta

Han forstår at pårørande er skuffa over at avdelinga blir lagt ned, og at prosjektet kan ha skapt forventningar som Olaviken ikkje har klart å innfri.

— Men for å seie ja til noko, må ein seie nei til noko anna. No rammar det desse pasientane.

— Kva skjer med dei fire pasientane som no får behandling ved Olaviken?

— Vi vil jobbe for å få dei utskrivne innan 31. august.

— Kva skjer med dei etterpå?

— Det kan ikkje eg svare på, det blir Bergen kommune sitt hovudansvar i samarbeid med spesialisthelsetenesta innan psykiatri, seier Viksund:

— På sikt er mitt håp at det blir oppretta eit regionalt tilbod til denne typen pasientar, på tvers av alle forvaltingsnivå.

LEGG NED: Sidan 1998 har pasientar med den sjeldne sjukdommen Huntingtons fått behandling ved NKS Olaviken Behandlingssenter på Askøy. I august stengjer avdelinga. Direktør Geir Viksund vil bruke ressursane på alderspsykiatri.
Foto: Jan M. Lillebø