— Gutane er rett og slett betre sjåførar enn jentene.

— Jentene er mindre brutale i trafikken.

— Gutane skal tøffa seg og trur det er kult å køyra fort.

— Jenter krasjar mest.

Gjensidige skuldingar om dårleg trafikkultur flaug over kjønnsskiljet på Stord vidaregåande skule i går. Statens vegvesen og Vestlandske Teatersenter kom til skulen med framsyninga «Riksveg 555» og provoserte til debatt etterpå. Stykket viser føre- og etterspelet til ei dødsulukke som følgje av kappkøyring.

- Må jekka seg ned

— Gutane må få tilbod om kurs i å jekka seg ned, sa Maria Øvregård (18) i debatten etter framsyninga. Ho utdjupa synet sitt overfor BT etterpå:

— Gutane trur dei er kjempegode i nesten alt, ikkje minst bilkøyring. Eg sit på med ein del bilar på Stord, og veit at det blir køyrt fort, seier Maria.

Maria går i tredje klasse på formgjevingslina. Ho tek køyretimar og reknar med å få sertifikat om ein månad. Saman med venninner har ho ein gammal Dodge van i kikkerten som russebil. «Ein skikkeleg harry, ein», seier ho.

Maria meiner teaterstykket er med på å få ungdom til å reflektera over haldningane til råkøyring. Men ho er skeptisk til om det har nokon effekt.

— Dette er jo ting som me veit frå før. Det må visst kraftigare verkemiddel til, seier Maria.

- Berre ulukker skremmer

— Slike teaterstykke skremmer oss ikkje nok. Eg trur me må sjå korleis ulukker verkeleg ser ut før det går skikkeleg inn på oss. Det seier Alexander Kvarven (17), 3. klassing ved allmennøkonomi på Stord vidaregåande.

— Det er ein trend at me skal køyra fort. Tydelegvis er det noko inni oss som må ut. Me må få det ut på eigne køyrebanar, meiner han.

Alexander er óg i gong med lærekøyring. Han reknar med å ha «lappen» i tida rundt 18-årsdagen 12. desember. Han meiner gutane er jentene overlegne bak rattet rett og slett fordi dei køyrer meir bil enn jentene.

— Gutar har kanskje litt mindre kontroll enn det dei trur dei har. Derfor er det viktig å få utløp for fartslysta på eigne banar, seier Alexander Kvarven. Medeigar i ein 1984-modell Toyota kassevogn som skal bli russebil til våren.

Sa ifrå, men ...

Unge sin overrepresentasjon i dødsstatistikken på vegane er bakgrunnen for «Riksveg 555». Vestlandske Teatersenter framfører stykket for trafikktryggleikseksjonen ved distriktsvegkontoret i Bergen.

Tablået er skrive av Eirik Tveiten i nært samarbeid med fire ungdommar. Som ein del av «Sei ifrå!»-kampanjen retta mot ungdom er oppsetjinga for tida på turné i Hardanger, Ryfylke, Sunnhordland og Karmøy.

Tittelen spelar på riksvegen frå Bergen til Sotra. Her miste ti ungdommar livet i perioden 1992-2002, 43 blei alvorleg skadde.

Handlinga utspelar seg mellom fire jenter og gutar på 18 år som dreg på hyttetur i bil. Etter heftige kranglar endar returen med kappkøyring og kollisjon. Ei kvinne i ein møtande bil mistar livet, ein av 18-åringane hamnar i rullestol.

Jentene som sit på i dei to bilane gir begge sjåførane klar beskjed om å slå av på farten. Korkje Jan eller Lars let seg påverka.

— Jan var liksom harryen og taparen. Men Lars ville ikkje vera dårlegare i konkurransen om å køyra fort, seier Maria Øvregård.

ULIKE SJÅFØRRÅD: Maria Øvregård (18) og Alexander Kvarven (17) frå Stord tek begge «lappen» i haust, men har ulike syn på korleis råkøyring skal nedkjempast. Gutekurs i å jekka seg ned, meiner ho. Fartstrening på bane, meiner han.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR