Juleevangeliet blir framstilt som ein fredsbodskap, men utan snev av interesse for denne reelle konflikten i «det heilage land», denne verkebyll på vår åndelege helse. Ingenting skal forstyrra stemnings-seremoniar, religionsstabilitet og alliansen med handelsstanden. De kvinner og menn som skal vera folkets vegvisarar! Du kapellan, du sokneprest, du prost, du biskop! Du åndshøvding i Levende Ord og Indremisjonen! De, ja! De er ikkje lenger truverdige.

Åge Aleksandersen har ein song med titelen: «Var det dæ Jesus, vi mista no igjen?» Denne teksten talar meir til meg enn pyntekristendomen og dei årvisse evangeliske repetisjons-øvelsane. Den viser til vår tids hendingar (m.a. massakren i Sabra og Shatila, og folkemordet i Bosnia) der kristendomen skulle ha reagert, men «klokeleg» og flegmatisk let vera. Likesæle og forteiing fekk råda istaden. Likesæla fungerer slik, at overgriparen kan tura fram med sine brotsverk, og offeret blir meir desperat. Og sirkuset held fram. Intifadaen held fram. Nedskytinga av palestinske barn held fram. 8. november 2000: Fares Udah (13 år). 1. desember: Muhamed Elargi (12 år). 1. januar 2001: Moaz Wahdan (12 år). Berre tre av mange hundre. Likesæla held fram, frå preikestol, frå salmesong, i bøner. Frå pakkehaugar, frå kjøpesentra, i fred og glede og velstand. Så er det slik då at kristendomen er selektiv? Det er altså ikkje slik likevel at alle folkeslag er like, at mennesket, uansett opphav, har ein eigenverdi? Er det ikkje ein eller to av dykk som kan bryta ut av denne stemnings-sausen og gå direkte på livet slik det verkeleg er? Vi treng ikkje all denne sjelemisjoneringa, vi treng heller hjelp og mot til å gjera dette livet godt, for andre enn oss sjølve, for alle. Ta ein pause no, i kampen mot einslege mødre, mot dei seksuelt «unormale», mot ærlege tvilarar. Heng vekk dine fotside kapper, dine glattstrøkne dressar, og dei utslitne frasene. Gløym «dei tusene barnehender» som «mot himmelen ljosa held». Rett heller ljosa nedover, på våre medmenneske, dei som er «vantruande», dei undertrykte. Kom så og fortel kva de ser!

Johannes Guddal, Klokkarvik