PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.noHøgdepunktet under bispevisitasen i Gaular denne veka vart besøket på den brattlendte garden i Viksdalen, der både nyfødde geitekje og ei overrasking frå fortida dukka opp.— Dette har vore ein litt annleis visitas, på fleire måtar, seier Hagesæther, som måtte iføre seg fullt verneutstyr i plast under gardsbesøket i går. Bleieskift For familiane Hagesæther og Bell har langt tettare band seg imellom enn det biskopen visste om på førehand.- Det viser seg at mor til bonden her på garden, Magny Bell, var hushjelp hjå foreldra mine i to periodar, fortel biskop Hagesæther.Dermed er det klart at den noverande biskopen som barn har fått skifta meir enn ei skitten bleie av kvi nna som vart kone på denne garden.Magny Bell tente hjå prestefamilien Hagesæther i Arna to periodar, inkludert 1940-talet då Ole Danbolt var eit par år gammal. Om eg var geit ... I dag er det sonen hennar, Per-Magne Bell, som driv garden i Viksdalen i Gaular kommune. Han kunne vise biskopen eit brattlendt vestlandsbruk med snaut 200 dyr. Hagesæther slapp inn i geitefjøset, men først etter å ha iført seg obligatorisk plastantrekk til vern mot smitte.Ingen slepp unna restriksjonane rundt landbruket i desse dagar, ei heller biskopen.- Dersom eg var geit, så ville eg ha vore det her på Bell, var kommentaren frå Hagesæter etter besøket i fjøset. - Her lever dyra fritt og i pakt med naturen.

På med plastikken, anten du er bisp eller ei. Og biskopen sytte for at også kona Else Liv ekk naudsynt verneutstyr før besøket i fjøset. Bonde Per. Magne Bell må halde kontrollen i desse tider.