ARNE HOFSETHarne.hofseth@bt.no

No har 32-åringen vedgått omfattande spritsmugling. Forhøyrsrettssaka er utsett til 28. februar.

Politiet kjenner han under klengenamna «Såpa» og «Sporet» Dei har sett «Tore på sporet» som overskrift på si svære dokumentsamling.

Med falske førarkort, dristig framferd og velutvikla skodespelarkunst greidde han lenge å halda seg på frifot.

Lurte politiet Ein gong vart han teken i Oslo med to bilskilt og nesten 40.000 kroner i kontantar i bilen. Men politiet var ikkje klar over kor stor fisk dei hadde i garnet, og han kunne røma frå legevakta etter eit påstått hjarte-tilfelle. Eit foto av han sjølv sett inn i førarkortet til ein kamerat, lurte politiet. Han har også fått Biltilsynet til å utferda eit førarkort men hans bilete og eit langt anna namn.

I Danmark har han stukke av frå fengsel, og frå tollarar, endatil i ein av det danske tollvesenet sine eigne bilar. Dette bilbrukstjuveriet er han sikta for.

17. august i fjor vart han omsider varetektsfengsla. Spanarar i politiet hadde funne ut at han skulle til Torp flyplass ved Sandefjord, truleg for å gjera avtalar om smuglartransport. Dermed sat han i saksa.

Flaksen på vår side – Denne gongen var flaksen på vår side, seier politifullmekt John Ø. Skarpeid ved Halden politidistrikt til Bergens Tidende.

Skarpeid er den påtaleansvarlege som har leia jakta på nordhordlendingen dei mistenker for å vera bakmann for omfattande smuglarverksemd. Skarpeid har leia eit team av etterforskarar frå fleire politieiningar, også Kripos og Økokrim, og i samarbeid med Interpol.

Leiar av grensekrim-gruppa i Halden, Roger Johannessen, meiner at kostnadene med saka har passert ein million kroner.

Sjølv om han i forhøyrsretten truleg slepp med under fire års fengsel, vil kostnadene med heradsrettsak ikkje kunne forsvara den beskjedne forlenginga av fengselsopphaldet det kunne ha gitt.

I løpet av 21 avhøyr har mannen vedgått å vera involvert i smugling av 19.470 liter sprit over Kristiansand i april 1998 og 25.520 liter sprit over Svinesund i april 1999. Spriten vart kverrsett før ein drope var seld.

Vidare har han mislykkast i å smugla rundt 76.000 liter sprit i 1997-2000. Av dette vart 16.940 liter stoppa i Helsingør, 11.000 liter i Forslev, 23.200 liter i Helsingborg og 25.000 liter i Malmö.

Dessutan omfattar siktinga heleri, dokumentfalsk, bruk av falsk namn og biltjuveri.