«Det er i grunnen eit likvideringsprogram», seier ein tidlegare høgtståande amerikansk etterretningsoffiser. Amerikanarane har etter israelsk opplæring tatt i bruk «Telavåg-metoden» i Irak, med å fengsla slektningar til mistenkte opprørarar, og sprenga husa dei bur i.

Norske soldatar som Bondevik-regjeringa sende til Irak får no krigstillegg. Irakiske opprørarar forstår visst ikkje at dei berre yter humanitær bistand. Noreg står jo på lista til Bush over land som «hjelper til» i Irak.

Dei norske soldatane har ein felles prinsipiell funksjon med dei israelske likvideringsekspertane, etter som begge er der for å hjelpa amerikanarane.

Kan henda Bondevik-regjeringa føler seg vel i dette selskapet?

TOR G. TURØY, TURØY