Kontrollutvala i dei tre Vestlandsfylka, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har samrøystes vedteke at rapporten skal sendast over til staten.

— Staten skal overta ansvaret for barnevernet frå årsskiftet. Rapporten er særs grundig og inneheld mykje god dokumentasjon og tal materiale. Vi meiner departementet må kunne dra mykje nytte av rapporten i arbeidet med å betra barnevernet, seier Turid Giertsen .

Høgreveteranan er leiar i kontrollutvalet i Hordaland fylkeskommune.

Giertsen understrekar at rapporten dokumenterer at tilhøva innan barnevernet er vanskelege. Men ho er likevel ikkje overraska over tilhøva som no er dokumentert.

— Barnevernsarbeid er krevjande. Vi politikarar har lenge hatt kjensla av at same kor mykje midlar som vert løyvd, så er det for lite

— Toar fylkespolitikarane hendene sine ved å overlata staten arbeidet med å finna tiltak som kan betra tilhøva?

— Nei, eg oppfattar det ikkje slik. Vi har også bedt fylkesrådmannen sjå på rapporten. Dessutan sender vi han direkte over til fylkestinget som skal handsama han på junimøtet.

— Og sjølv om ansvaret vert flytt til eit anna forvaltningsnivå er det dei same barna som treng hjelp og dei same barnevernsarbeidarane som skal ta hand om desse borna. Difor er det viktig at staten får kjennskap til korleis tilhøva er.

— Barnevernsdirektør Arne Andersen meiner at fylkesrevisjonen ikkje kjenner barnevernet godt nok til å vurdera arbeidet som vert gjort i etaten?

— Det er eg usamd i. Fylkesrevisjonen har sjølvsagt søkt fagekspertise i arbeidet med rappporten. Rapporten har dessutan vorte til gjennom eit grundig samarbeid med barnevernet. Barnevernet har fått lesa gjennom og retta alle faktafeil.