Av Lars Nyre, medieforskar

Det retoriske poenget er at stasjonen har sterk støtte i folkedjupet. Men det er ei tilsniking av P4 å hevda at den er ei «folkekjær mediebedrift» berre fordi den har høg lyttaroppslutnad.

Det som er folkekjært er ei viss hygg e leg stemning som P4 er ein tilfeldig leverandør av. At to millionar nordmenn jamleg høyrer Silje Stang og Eagles på P4 betyr ikkje at me er store fans av radiokanalen, det betyr først og fremst at me likar denne typen stemning i daglegliva våre. Og at mange ikkje har skifta kanal på eit halvt år betyr heller ikkje at P4 er så kjær for dei, det betyr først og fremst at dei er vanemenneske, og har blitt vant med P4-stemninga.

Det gjeld altså om å få det rette perspektivet på denne typen kommunikasjon, og ikkje akseptera P4-annonsen sitt signal om at dei har eit unikt redaksjonelt produkt som berre dei kan levera, og som attpåtil er avgjerande i to millionar nordmenn sitt liv. P4 må sjåast i lys av radioen sin funksjon i dagleglivet, og den er yttarst sekundær.

Kjernen i P4 sitt format er pludrete kosestemningar, anten det er morgonstemning i P4s «Radiofrokost» med Bjørn og Tor, eller ettermiddagsstemning i «Rett & Slett» med Silje og Kårstein. Same om ein vil forsvara eller kritisera P4 er det ingen som kan gå imot at deira fremste bidrag til norsk offentlegheit er pludrete prat. Spørsmålet er snarare kva verdi dette pratet bør tilkjennast i kvardagen, og kva eigedomsrett P4 har til denne typen tilbod.

Eg meiner praten må tilkjennast stor verdi, men at P4 ikkje kan tilkjennast noka spesiell ære for det. Konkurrentar som NRK P1 og Radio 1 sender mykje den same blandinga av prat og popmusikk. Den gjev oss ei kjensle av godt humør på kjøkkenet om morgonen, og gjev oss eit menneskeleg nærvere i bilen på veg til jobb. I USA, England og andre vestlege land er eteren full av spesialiserte ålreite stemningar, for eksempel er BBC Radio 2 ein slags 'Nitimen' (P1) som varer heile dagen, og WOR i New York er eit slags 'Tvert imot' (P4) som også varer heile dagen.

Den hyggelege og engasjerte stilen som P4 produserer er eit ordinært verkemiddel blant radioprodusentar over heile verda. Det er difor diskutabelt at dei profilerer seg som ei unik merkevare. I radiobransjen vert P4 sitt opplegg kalla eit «middle of the road»-format, og det trengst berre eit minimum av redaksjonell innsats og kreativitet for å produsera det. Viss me tenkjer oss at det var lov med tre riksdekkjande reklamekanalar i Norge ville to andre kanalar levert den same hyggelege stemninga i omtrent same format med dei same reklamane. Berre jinglane ville vore forskjellige.

At Valgerd flyttar konsesjonen for å laga riksdekkande kommersiell hygge frå eit redaksjonslokale til eit anna er difor mest ein katastrofe for dei som misser jobben og aksjegevinsten sin. Dette er alvorleg, men ikkje meir alvorleg enn dei tragediane P4 og andre medium formidlar frå den store verda kvar dag.

Det katastrofale for folk flest ville vore om ingen i den norske eteren lenger laga hyggelege stemningar til å leva liva våre etter. Dersom radioen vende tilbake til idealet frå 1930-talet om «opinionsneglisjering» og folkeopplysning ville me sett ein folkebevegelse av langt kraftigare format enn det P4 sine desperate annonsar legg opp til.

Min påstand er at nordmenn flest ikkje vil få noka kjensle av tap den dagen P4 sluttar å senda riksdekkande. Ikkje var P4 sitt innhald tenksomt eller provokativt nok til å få folk til å opparbeida sterke positive eller negative kjensler, og ikkje var musikkutvalet originalt nok til at det berre kunne identifiserast med P4. Behovet for sosial massasje og musikalsk stimulans kan tilfredsstillast av andre mediebedrifter, og to veker etter at Kanal 4 har byrja med sin bakgrunnsmusikk er P4 gløymt for alltid.

Det er difor overspent og lite truverdig av P4 å appellera til folkets røyst i annonsen sin. «Du kan hjelpe oss ved å si din mening på — eller send et postkort til P4, 2626 Lillehammer. Så skal vi sørge for at Valgerd får høre folkets røst. Og til høsten er det valg.» Tanken i annonsen er at KrF tek livet av ei populær og folkekjær mediebedrift, og ved å gjera dette risikerer dei boikott av KrF frå to millionar veljarar ved neste valg.

Eg meiner folk bør tenkja seg om to gonger før dei sender støtteerklæringar til P4. Den begeistringa P4 synest å spora hjå lyttarane er etter alt å døma eit tynt ferniss av velvilje over eit djupare sosialt behov som har lite med Silje Stang å gjera. I den grad det no vil strøyma inn sympatierklæringar til P4 og æreskjellingar av statsråden, trur eg det skuldast at den private radiohyggen vert blanda saman med merkenamnet P4. Det er akkurat denne samanblandinga annonsekampanjen oppfordrar til.