Ny ruteplan for toga frå 15. juni i år har fått leiaren av European Cruise Service til å ta fram det tunge skytset mot NSB. Eitt av dei to togsambanda aktuelle mellom Flåm og Voss har over ein times ventetid på Myrdal.

— Hugs at cruisepassasjerane ikkje er ryggsekkturistar. Dei er ikkje budde, korkje fysisk eller mentalt, på eit timelangt opphald på ein jernbanestasjon i høgfjellet, seier Kordt.

— Det blir rett og slett ikkje aktuelt å senda passasjerane med dette toget. Dermed er kapasiteten på landets mest populære overlandstur for cruisepassasjerar i realiteten halvert, seier han.

Kordt meiner at NSB forvaltar nasjonale turistinteresser på ein særs dårleg måte ved å legga fram slike ruteplanar. Cruisepassasjerane kjem hit til lands for å sjå fjordane, Nordkapp, Flåmsbana og kanskje Lofoten. Overlandsturane med tog frå Flåm via Myrdal til Voss, lunsj på Voss, og buss vidare via Stalheim og Gudvangen er opparbeidde med internasjonal marknadsføring i nærare 50 år. Eit stort tal turar er for lengst førehandsselde for sommaren 2003.

— NSB kan ikkje berre setja ein strek over dette, utan å spørja dei andre aktørane, seier Kordt. Han trur ikkje siste ord er sagt. NSB får høyra frå han over helga.