Den offisielle grunngjevinga er at landet vårt no er blitt så fleirkulturelt at ein ikkje kan gje særrettar til eit enkelt kyrkjesamfunn lenger.

Men dette er i beste fall eit vikarierande motiv. Fleirtalet i utvalet tilhøyrer den konservative fløyen av statskyrkja, som nok er i fleirtal blant prestar og soknerådsmedlemer, men i stort mindretal blant statskyrkja sine medlemer. Formålet ligg i dagen; desse kreftene ønskjer å riva seg laus frå det sekulariserte samfunnet dei ikkje utstår, og ta kyrkja med seg. Dei vil gjera den evangelisk-lutherske statskyrkja om til ei frikyrkje, ei sekt for spesielt interesserte utan innblanding frå verdslege makter, på linje med andre religiøse grupperingar.

Hordaland Ungdomslag meiner at kyrkja er ein sentral og naturleg del av den norske statsskipnaden, som har svært høgt truverde i samfunnet, og ser difor med uro på utviklinga. Vi ønskjer ei folkekyrkje med høg legitimitet, ikkje ei fordomsfull og lite inkluderande kyrkje, der verken homofile, sambuarpar eller biskopar som Köhn og Stålsett får ha ein naturleg plass. At dette vert ein realitet når kyrkja sine konservative får rå seg sjølve, er det liten tvil om. Her kan ein berre visa til eit intervju med biskopen i Bjørgvin, Ole Hagesæther, for ei tid sidan, der han gjekk imot at spørsmålet om statskyrkja si framtid skulle leggjast ut til rådgjevande folkerøysting. Konservative kristne som biskop Hagesæther, er altså redd for folkets dom over Bakkevig-utvalet si innstilling, som vil avskaffa folkekyrkja. Dette gjer oss endå meir overtydd om at folket bør få seia si meining før Stortinget tek den endelege avgjerd.

ODDVAR SKRE,

HORDALAND UNGDOMSLAG