Skjetne, som i dag har HSDs flaggrutefartøy «Vingtor» som arbeidsplass, seier til Bergens Tidende at han sjølvsagt kvir seg til å møta i retten. Men han legg til at han tek vitneoppgåva som ho kjem, og er budd på å forklara seg nok ein gong om hendingsforløpet den dramatiske kvelden 26.november 1999.

Mange trudde at Skjetne som «Sleipner» s andre navigatør på ulukkesferda ville bli å finna på tiltalebenken saman med kapteinen. Men Riksadvokaten fann at overstyrmannen ikkje var å klandra for grunnstøytinga.

Olav Skjetne er innkalt som vitne i tingretten i dag. Men det kan bli utsett til i morgon dersom utspørjinga av kaptein Hagland ikkje blir ferdig i dag.