Overskrifta står i stil med innhaldet. Dette held ikkje mål!

Undersøkinga er gjort svært kort tid etter gjennomføring av samanslåing i Hedmark/Oppland og Sør— og Nord-Trøndelag.

Grunnlaget for undersøkinga er gjort av NRK sjølve, og professor i mediefag, Ragnar Valldal, som har vurdert det fagleg, seier grunnlaget er svært tynt.

Tida der programprofilen skulle undersøkast var kjent på førehand i redaksjonane.

Endringar i lyartal ligg innanfor feilmarginane, samstundes som dei fell saman med auke hos nesten alle distriktskontor pluss P1, og kan såleis ikkje tilleggjast vekt. Underlagsdokumenta som er kritiske til omlegginga, grensar til å bli feilsitert i rapporten.

Generalforsamlinga sin intensjon med å be om rapporten var å få vite meir om korleis vanlege folk opplevde endringa. Difor må faktisk det einaste som i rapporten kan sporast attende til «vanlege» folk vektleggjast tyngst, og det er uttalane frå distriktsprogramråds-leiarane. Og dei peikar på mindre identitet, større avstand, folk blir meir likegyldige til sendingane då dei føler at dette ikkje vedkjem dei.

Og ein skal merke seg at dette er reaksjonar frå to område som faktisk er ganske like kulturelt sett. Det er ikkje tilfellet for Sogn og Fjordane og Finnmark.

NRK bør ha flau smak i munnen over å legge fram eit så dårleg utgreiingsarbeid. Og det er ikkje kulturministeren som har bede dei gjere jobben på så kort tid.

TRUDE BROSVIK,

MEDLEM I DISTRIKTSPROGRAMRÅDET I SOGN OG FJORDANE