«Det norske skattesystemet har oppfordra til overinvestering i eigedom.» Det er Ole Gunnar Selvaag, administrerande direktør i Selvaag Gruppen A/S som seier dette til Dagens Næringsliv. Ole Gunnar Selvaag meiner Noreg bør innføra ein nasjonal eigedomsskatt for å få ei økonomisk meir rasjonell skattlegging, sjølv om det er få nordmenn som ville tapt meir enn han på ei slik ordning.

«Alle» økonomar er samde om at skattereglane inviterer til overinvesteringar på bustadmarknaden. Unntaket er naturlegvis økonomar som let politikken ta styringa over fornufta. Framstegspartiet har laga sine eige økonomiske trylleformular for å få kartet til å stemma med terrengen. Høgre, med resten av regjeringa på slep, insisterer på økonomisk rasjonalitet berre når det er politisk opportunt. Eitt av dei politiske brageløfta til finansminister Per-Kristian Foss er at bustadskatten skal avviklast, slik at spekulasjonsballongen kan blåsast endå meir opp.

Oslo som skatteparadis

Oslo, vår lurvete hovudstad, kunne ha berga både skuleelevar og uteliggjarar om kommunen på ny tok i bruk eigedomsskatt, som alle andre store, norske byar har gjort. Oslo kommune tapte 500 millionar kroner året då eigedomsskatten vart avvikla. I dag kunne Oslo kanskje hatt ein milliard ekstra til bosskorger og vedlikehald om eigedomsskatten hadde blitt gjeninnført. I staden har byrådet, som ein spegel av regjeringa, med Høgre i førarsetet, med Kristeleg Folkeparti og Venstre i sidevogna og med Framstegspartiet som brøytemannskap, valt å skåna huseigarane og støtta mest dei som har dei feitaste fortenestene i pengegaloppen i Oslos villahagar og trappeoppgangar.

Den særeigne skatteletten for oslofolk er det naturlegvis Han Staten som indirekte skal erstatta. Det er ikkje måte på kva kremmarargument kommunalminister Erna Solberg kan finna på å ta i munnen for kanskje å spara nokre millionar kroner ved rasjonell kommunefjøsdrift i Utkant-Noreg. Eitt av føremåla med pengepuginga i distrikta er at kommunalministeren skal kunna bistå Oslo med økonomisk hjelp til bygdetullingane som søkjer ly i storbyen.

Økonomisk klient-politikk

Slik artar Høgres økonomiske, situasjonsbestemte rasjonalitet seg i politikkens slagskugge. I det svarte holet inst i Oslofjorden kan offentlege milliardar forsvinna sporlaust utan at Erna Solberg eller andre sentrale høgrepolitikarar gjer anskrik, medan kommunalministeren og dei andre høgrekremmarane når som helst er viljuge til å springa beina av seg for å hanka inn ein rådmannsgasje eller to i Rest-Noreg.

Så er det då heller ikkje økonomisk fornuft som styrer regjeringa i skattepolitikken, det er klientane sine interesser Erna Solberg tek hand om. Og hennar klientar er den feite, velberga middelklassen. Men liksom revolusjonen et sine eigne barn, et kapitalismen på avvegar sine eigne, mest truskuldige tilhengjarar. Den skattemotiverte overinvesteringa i eigedom kan bli ein sprekkeferdig ballong dei nærmaste åra, slik eigedomsprisane rasa då jappetida enda i knall og fall på slutten av åttitalet. Og skattemotivasjonen er det regjeringa som legg til rette.

Ole Gunnar Selvaag ventar eit krakk i den norske bustadmarknaden, med tretti prosent nedgang i eigedomsprisane, og fleire profesjonelle investorar trekkjer seg frå utleigemarknaden. Dei færraste såkalla ekspertane deler denne dystre framtidstrua. Mange meiner at prisane vil stabilisera seg, somme ser ei vidare prisstigning, meir enn inflasjonen tilseier, i korta.

Det farlege er at etter kursraset på børsane er det først og fremst eigedomsverdiane som ber trua på økonomisk tryggleik og armslag. Dersom eigedomsmarknaden også skulle visa seg å vera ei boble, vil det bli dystre utsikter for den økonomiske utviklinga den næraste tida.

Korleis prisutviklinga enn måtte bli, bør regjeringa ta lærdom av at offentlege styresmakter ikkje skal leggja til rette for skattemotivert overinvestering i nokon bransje, heller ikkje bustadmarknaden. Jamvel dei viktigaste klientane kan bli svidd av ein slik politikk. Jamvel høgrepolitikarar må kunna visa at dei ikkje er blotta for økonomisk fornuft.