Med dei råmer for investeringstilskot for 2001 og 2002 som Stortinget har løyvd til prosjekt i Hordaland, vil berre halvdelen av kommunane sine prosjektsøknadar til bygging av sjukeheimsplassar, omsorgsbustadar og einsengsreforma verta oppfølgd.

Dette er grovt overgrep og lovnadsbrot overfor våre eldre som ikkje kan forsvarast i det heile sett opp mot dei vedtak og forventningar som låg i vedtaket Stortingsmelding nr 50 (1996-97) som Stortinget vedtok våren 1997.

Våre eldre fortener å verta teken på alvor, dei kan ikkje venta på at det på ny skal verte «inn» å tala dei eldre si sak i dei politiske miljøa.

Det Liberale Folkepartiet vil arbeida for å følgja opp forventningane og den naudsynte betringa av tilboda til våre eldre. Eldresatsinga må halda fram!

Det Liberale Folkepartiet, Ditt demokratiske alternativ!

SIGRUN SANGOLT NATÅS,1. KANDIDAT STORTINGSLISTA DLF I HORDALAND