Bergens Tidende som du held i handa nett no, får eg inntrykk av at Norge har vorte ein einaste gedigen valplass for kriminelle. Overskriftene skrik mot deg – valdtekt, bankran, vald i heimen, vald på gata, vald på ungdomsfestar – om det då ikkje gjeld underslag, svindel og bedrageri.

Ei grei løysing kunne jo vera å droppa avislesinga, i det minste halda seg unna den typen aviser, men det ville vera å gjera som strutsen og stikka hovudet i sanden og tru at alt er fryd og gaman. Eg må tilstå at ein halvtime med t.d. BT gjer meg uroleg, på eigne og landet sine vegne. Har det verkeleg vorte så ille? Har me vorte ein nasjon av tjuvar og ransmenn? Er det slik at ein risikerer liv og helse om ein tek ein spasertur på byen eller berre i det kjente og trygge nabolaget?

Og endå viktigare – er me i ferd med å bli redde for kvarandre?

Me har noko som heiter statistikk – «tallenes klare tale», som ein seier. Den skal me la liggja her. Mitt emne er annleis. Det er slik: Kva gjer avisene sin såkalla kriminaljournalistikk med oss som einskildmenneske, som samfunnsborgarar? Eg ikkje berre spør, som Ibsen, eg har faktisk også svaret på reie hand: Den gjer oss til engstelege og redde menneske. Og i verste fall gjer den oss til destruktivt handlande individ.

La oss ein gong for alle slå fast at det inntrykket ein lett sit att med når ein opnar ei avis slett ikkje stemmer med røynda. Kvar dag les ein om valdtekter og annan bestialsk valdskriminalitet – det er berre det at det ofte er dei same sakene som går igjen, om att og om att, frå den første meldinga om brotsverket som har skjedd, til etterforskinga og rettssaka, osv. Slik vert ein sitjande att med inntrykket av at det er mange saker det dreier seg om, medan det i røynda er ei og same sak! Her har media eit stort ansvar.

Eller spelar ein medvite på å skapa inntrykk av at det stadig handlar om nye saker for å halda på «nyhetens interesse»? Gjer ein det på ein slik måte for å selja fleire aviser?

Eg vil ikkje påstå noko som helst. Men eg undrast. Eg har sjølv vore utsett for valdskriminalitet, og eg veit at frykta for å oppleva noko slikt igjen – den såkalla psykiske etterverknaden – ofte er langt verre enn valden i seg sjølv.

Valdskriminalitet har så avgjort ei psykisk side som kan vera gedigen av omfang. Fysiske skader frå t.d. ei bilulukke vil ikkje kalla på så oppskakande minne som valdshandlingar. Vald er audmjukande. Det er audmjukande å kjenna seg truga. Det er audmjukande å halda seg innandørs fordi ein kjenner seg utrygg ved tanken på å gå ut. Og avisa du nett las på sofaen etter middag gjev lett inntrykk av at det er slik, at det skal vera slik, og at det er dermed er heilt i orden. Eit forslag kunne vera å merka ei sak med namn som følgde saka etter kvart som ho stadig dukkar opp i avisa. Slik kunne ein sjå at det er det same overfallet det er snakk om, og ikkje fem nye. Men det er kanskje ein idé som ikkje er like gjennomførleg.

Det verste som kan skje er om me startar å vera redde for kvarandre. Utan grunn. Eg pla seia til ungane mine då dei var små at om ein mann stansar og spør etter vegen, så er det ni og nitti prosent sjanse for at han berre vil vita vegen. Om ein les ei gjennomsnittleg norsk avis, derimot, verkar det som ni og nitti prosent av den mannlege befolkninga er pedofile massemordarar.

Eg ønskte ikkje at dei skulle ta til å verta redde for vaksne menn som spurde etter vegen eller ville vita kva klokka var. Eg lærte ungane mine å bruka sunn fornuft. Det er galt om ein byrjar bli redd for folk.

I nabolaget der eg bur, fleire mil og ein ferjetur frå bykjernen, er det slik at foreldra køyrer ungane frå og til trening og andre aktivitetar på kveldstid, sjølv om det berre kan vera 10-15 minutt for dei å gå (og ikkje det eingong). Dette gjer ein trass i at det ikkje har skjedd noko av ein slik type kriminalitet på dei femten åra eg har budd i kommunen. Like fullt har mange fått det fått for seg at det ligg skumle forbrytarar på lur bak kvar ein busk.

Ikkje rart, all den tid aviser og tv-nyhende flyt over av gruoppvekkjande brotsverk.

Dermed skulle konklusjonen gje seg sjølv. Eg etterlyser ei anna og meir nøktern handsaming av denne typen nyhendestoff.

Sjølv eit bagatellmessig innbrot kan vera ei hard påkjenning for den som vert ramma. For ikkje å snakka om grov valdskriminalitet, som t.d. valdtekt med ukjent gjerningsmann. Men det hjelper ingen å skapa inntrykk av at det hender oftare enn det gjer – anten det skjer medvite eller umedvite frå media si side.

Resultatet vert lett ei utbreidd frykt me slett ikkje har bruk for.

Av Knut Rage