Kolonnekøyring er ingen leik, og særskilt i desse jule— og nyttårstider er det viktig å minna trafikantar som kanskje er urøynde med høgfjellet om at ein må vera godt førebudd, godt utstyrt og ikkje minst fylgja dei retningslinjer som Statens Vegvesen og brøytemannskapa deira gjev. Kjettingar på tunge køyretøy burde t.d. vera ei sjølvsagt sak.

Men det undrar meg at alle illustrasjonar og alle "skrekkeksempel" skal vera frå Rv7 over Hardangervidda. Vi har trass alt fem fjellovergangar mellom Austlandet og Vestlandet, derav fire som ligg innanfor BT sitt "naturlege" dekningsområde. Hardangervidda har så vidt eg veit ikkje hatt fleire farlege episodar enn det har vore på andre fjellovergangar. Den einaste grunnen eg då kan sjå for slikt fokus på Rv7, må vera at det er denne vegen også BT sine folk nyttar når dei skal mellom Aust- og Vestlandet. Ikkje unaturleg, for også om vinteren er Rv7 over Hardangervidda den beinaste og kortaste vegen.

GEIR MIDTUN, LOFTHUS